Matthew 20
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1For himmelriket kann liknast med ein husbond som gjekk ut tidleg um morgonen og vilde leiga arbeidsfolk til vingarden sin.Select Matthew 20:1
2Han vart samd med arbeidsfolki um ei mark for dagen, og sende deim burt i vingarden.Select Matthew 20:2
3So gjekk han ut ikring den tridje timen, og fekk sjå nokre andre som stod gjerandslause på torget.Select Matthew 20:3
4Han sagde til deim: «Gakk de og burt i vingarden, og det som rett er, skal de få.» So gjekk dei.Select Matthew 20:4
5Sidan gjekk han ut ikring den sette og niande timen og gjorde like eins.Select Matthew 20:5
6Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att, og fann endå nokre som stod der. Han segjer til dei: «Kvi stend de her arbeidslause heile dagen?»Select Matthew 20:6
7«Av di ingen hev leigt oss,» svara dei. «Gakk de og burt i vingarden!» sagde han då.Select Matthew 20:7
8Um kvelden sagde vingardseigaren til hushaldaren sin: «Ropa inn arbeidsfolket, og lat deim få løni si! Tak til med dei siste, og haldt fram til dei fyrste!»Select Matthew 20:8
9So kom dei som var leigde kring den ellevte timen, og fekk ei mark kvar.Select Matthew 20:9
10Då dei fyrste kom, tenkte dei at dei skulde få meir; men dei fekk og kvar si mark;Select Matthew 20:10
11då dei fekk den, mukka dei mot husbonden og sagde:Select Matthew 20:11
12«Desse siste hev ’kje arbeidt meir enn ein time, og so gjev du deim likt med oss, som hev slite og sveitta heile dagen!»Select Matthew 20:12
13Då svara han ein av deim: «Eg gjer deg ikkje urett, venen min. Var me ’kje samde um ei mark?Select Matthew 20:13
14Tak du ditt og gakk! Men eg hev hug til å gjeva denne siste likso mykje som deg.Select Matthew 20:14
15Hev eg ’kje lov til å gjera med mitt som eg vil? Eller ser du ilt til det at eg gjer vel?»Select Matthew 20:15
16Soleis skal dei siste vera dei fyrste, og dei fyrste dei siste; for mange er kalla, men få utvalde.»Select Matthew 20:16
17Med Jesus var på vegen til Jerusalem, tok han dei tolv læresveinarne til sides og sagde til deim:Select Matthew 20:17
18«No fer me upp til Jerusalem, og Menneskjesonen skal gjevast i henderne på dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og dei kjem til å døma honom frå livetSelect Matthew 20:18
19og gjeva honom yver til heidningarne, so dei skal spotta og hudfletta og krossfesta honom; men tridje dagen skal han standa upp att.»Select Matthew 20:19
20Då kom mor åt Sebedæus-sønerne til honom med sønerne sine, og fall på kne og bad honom um noko.Select Matthew 20:20
21«Kva er det du vil?» spurde han. Ho svara: «Seg at desse tvo sønerne mine skal få sitja innmed deg i riket ditt, den eine på di høgre og den andre på di vinstre sida!»Select Matthew 20:21
22«De veit ikkje kva de bed um,» sagde Jesus. «Kann de drikka den skåli som eg lyt drikka?» «Ja, det kann me,» svara dei.Select Matthew 20:22
23Då sagde han: «Mi skål skal de nok drikka, men sæte ved mi høgre og vinstre sida kann ikkje eg gjeva nokon; det lyt dei få som far min hev etla det åt.»Select Matthew 20:23
24Då dei ti høyrde det, vart dei harme på dei tvo brørne.Select Matthew 20:24
25Då kalla Jesus deim kring seg og sagde: «De veit at fyrstarne råder yver folki sine, og dei store hev velde yver deim.Select Matthew 20:25
26Men so skal det ikkje vera hjå dykk; den som vil verta stor millom dykk, lyt tena dei andre,Select Matthew 20:26
27og den som vil vera den fyrste av dykk, lyt vera træl for dei andre.Select Matthew 20:27
28Menneskjesonen er ’kje heller komen for å tenast, men for å tena og gjeva livet sitt til løysepening for mange.»Select Matthew 20:28
29Då dei tok ut frå Jeriko, fylgde det mykje folk med honom.Select Matthew 20:29
30Attmed vegen sat det tvo blinde, og då dei høyrde at Jesus for framum, ropa dei: «Gjer sælebot på oss, Herre, du Davids son!»Select Matthew 20:30
31Folket truga deim, og sagde dei skulde tegja; men dei ropa endå meir: «Herre, gjer sælebot på oss, du som er Davids son!»Select Matthew 20:31
32Då stana Jesus og ropa på deim og sagde: «Kva vil de eg skal gjera for dykk?»Select Matthew 20:32
33«Herre, lat oss få att syni!» svara dei.Select Matthew 20:33
34Jesus tykte synd i deim og tok burtpå augo deira; og med ein gong kunde dei sjå, og dei fylgde honom.Select Matthew 20:34
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation