Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 3

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1I den tidi steig Johannes, døyparen, fram og tala i JudaheidiSelect Matthew 3:1

2og sagde: «Vend um! For himmelriket er nær.»Select Matthew 3:2

3Det er honom Jesaja, profeten, talar um, når han segjer: «Høyr han som ropar i heidi: Rydje vegen åt Herren, jamne stigarne hans!»Select Matthew 3:3

4Johannes gjekk med ein kjole av kamelhår, og hadde eit lerbelte kring livet, og maten hans var grashoppar og villhonning.Select Matthew 3:4

5Då kom dei ut til honom frå Jerusalem og frå heile Judalandet og Jordan-kverven,Select Matthew 3:5

6og han døypte deim i Jordanåi, med dei sanna synderne sine.Select Matthew 3:6

7Mange av farisæarane og sadducæarane kom og til dåpen hans. Då han såg deim, sagde han: «Kven lærde dykk å røma frå den vreiden som koma skal, de orme-ungar?Select Matthew 3:7

8Ber då frukt som svarar til umvendingi,Select Matthew 3:8

9og tru ikkje de kann tenkja som so: «Me hev Abraham til far!» for eg segjer dykk at Gud kann vekkja upp born åt Abraham av desse steinarne.Select Matthew 3:9

10Øksi ligg alt innmed roti på treet; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.Select Matthew 3:10

11Eg døyper dykk med vatn til umvending; men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg; eg er ikkje verd å bera skorne hans - han skal døypa dykk med den Heilage Ande og eld.Select Matthew 3:11

12Han hev kasteskovlen i handi, og skal gjera av låven sin; kornet skal han samla i stabburet, men agnerne skal han brenna i ein eld som aldri sloknar.»Select Matthew 3:12

13So kom Jesus frå Galilæa åt Jordan, til Johannes, og vilde få honom til å døypa seg.Select Matthew 3:13

14Men Johannes bar seg undan og sagde: «Eg treng dåp av deg, og so kjem du til meg!»Select Matthew 3:14

15«Lat det no vera so like vel!» svara Jesus. «For soleis lyt me i eitt og alt gjera det som er rett.» Då gjorde han som Jesus vilde.Select Matthew 3:15

16Med det same Jesus var døypt, steig han upp or vatnet. Då opna himmelen seg for honom, og han såg Guds Ande koma dalande nedyver seg som ei duva,Select Matthew 3:16

17og ei røyst frå himmelen sagde: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg hev hugnad i.»Select Matthew 3:17

Next: Matthew 4Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.