Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 7

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Døm ikkje, elles vert de dømde! For den domen de dømer, skal de dømast etter,Select Matthew 7:1

2og det målet de mæler med, skal dei mæla åt dykk i.Select Matthew 7:2

3Kvi ser du flisi i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga, den vert du ikkje var?Select Matthew 7:3

4Eller korleis kann du segja til bror din: Kom, lat meg taka flisi ut or auga ditt! og sjå, det sit ein bjelke i ditt eige auga!Select Matthew 7:4

5Din hyklar! Drag fyrst bjelken ut or ditt auga - då kann du sjå å taka flisi ut or auga åt bror din.Select Matthew 7:5

6Gjev ikkje hundarne det som heilagt er, og kasta ikkje perlorne dykkar for svini! Dei kjem berre til å trøda deim under føterne, og snu seg og riva dykk sund.Select Matthew 7:6

7Bed, so skal de få, leita, so skal de finna, banka på, so skal det verta upplate for dykk!Select Matthew 7:7

8For kvar den som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for.Select Matthew 7:8

9Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed honom um brød,Select Matthew 7:9

10eller ein orm når han bed um ein fisk?Select Matthew 7:10

11Når no de veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, de som er vonde, kor mykje meir vil so ’kje far dykkar i himmelen gjeva noko godt til deim som bed honom!Select Matthew 7:11

12Alt som de då vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de og gjera mot deim; for so er lovi og profetarne.Select Matthew 7:12

13Gakk inn igjenom den tronge porten! For vid er den porten, og breid er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som gjeng inn der.Select Matthew 7:13

14Men trong er den porten, og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn honom.Select Matthew 7:14

15Tak dykk i vare for dei falske profetarne! Dei kjem til dykk i saueham, men innvertes er dei gråduge ulvar.Select Matthew 7:15

16På frukterne deira skal de kjenna deim; kann ein hausta druvor av klunger eller fikor av tistlar?Select Matthew 7:16

17Soleis ber alle gode tre god frukt; men låke tre ber vond frukt,Select Matthew 7:17

18eit godt tre kann ikkje bera vond frukt, og eit låkt tre kann ikkje bera god frukt.Select Matthew 7:18

19Men kvart tre som ikkje gjev god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.Select Matthew 7:19

20So skal de då kjenna deim på frukterne.Select Matthew 7:20

21Ikkje alle som segjer til meg: «Herre, herre!» skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det far min i himmelen vil.Select Matthew 7:21

22På den dagen skal mange segja til meg: «Herre, herre, hev me ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut djevlar i ditt namn, og gjort mange under i ditt namn?»Select Matthew 7:22

23Då skal eg segja deim beint ut: «Eg hev aldri kjent dykk. Gakk ifrå meg, de illgjerdsmenner!»Select Matthew 7:23

24Den som no høyrer desse ordi mine og gjer etter deim, honom vil eg likna med ein vitug mann, som bygde huset sitt på berg.Select Matthew 7:24

25Og regnet sila, og elvarne fløymde, og vindarne bles og sette mot huset; men det stod; for det var tufta på berg.Select Matthew 7:25

26Og den som høyrer desse ordi mine og ikkje gjer etter deim, han kann liknast med ein fåvis mann, som bygde huset sitt på sand.Select Matthew 7:26

27Og regnet sila, og elvarne fløymde, og vindarne bles og sette mot huset; då fall det, og fallet vart stort.»Select Matthew 7:27

28Då Jesus hadde tala desse ordi, då var folket reint upp i under yver læra hans.Select Matthew 7:28

29For han lærde deim som ein som hev velde, og ikkje som deira skriftlærde.Select Matthew 7:29

Next: Matthew 8Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.