Skip to content
Church.wiki
Matthew

Matthew 8

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Då han gjekk ned av fjellet, fylgde det mykje folk med honom.Select Matthew 8:1

2Best det var, kom ein som hadde spillsykja, og fall på kne for honom og sagde: «Herre, dersom du vil, so kann du gjera meg rein.»Select Matthew 8:2

3Jesus rette ut handi, og tok burt på honom og sagde: «Eg vil; vert rein!» Då vart han med ein gong fri spillsykja, og rein.Select Matthew 8:3

4Og Jesus sagde til honom: «Sjå til at du ikkje segjer dette med nokon, men gakk burt og te deg for presten, og ber fram det offeret som Moses hev sagt fyre, so du kann vitna for deim!»Select Matthew 8:4

5Då han so gjekk inn i Kapernaum, kom ein hovudsmann og tala til honom og sagde:Select Matthew 8:5

6«Herre, drengen min ligg lam heime, og lid hardt.»Select Matthew 8:6

7«Skal eg koma og lækja honom?» segjer Jesus.Select Matthew 8:7

8«Herre,» svara hovudsmannen, «eg er ikkje verd at du stig inn under mitt tak. Men seg berre eit ord, so vert drengen min god att!Select Matthew 8:8

9For eg er ein mann som må lyda deim som større er, og sjølv hev eg og hersveinar under meg, og segjer eg til ein av deim: «Gakk!» so gjeng han, og til ein annan: «Kom!» so kjem han, og til tenaren min: «Gjer no det!» so gjer han det.»Select Matthew 8:9

10Då Jesus høyrde det, undra han seg, og sagde til deim som var med honom: «Det segjer eg dykk for sant: So stor ei tru hev eg ikkje funne hjå nokon i Israel.Select Matthew 8:10

11Og det skal de vita, at mange skal koma både frå aust og frå vest og setja seg til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket;Select Matthew 8:11

12men dei som riket var etla åt, skal ut i myrkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»Select Matthew 8:12

13So sagde han til hovudsmannen: «Gakk heim att! Det skal verta som du trudde.» Og drengen vart god att i same stundi.Select Matthew 8:13

14Då Jesus kom heim til Peter, såg han at vermor hans låg sjuk og hadde hiteflagor.Select Matthew 8:14

15So tok han henne i handi; då kvarv hiteflagorne burt, og ho stod upp og stelte for honom.Select Matthew 8:15

16Um kvelden kom dei til honom med mange som var forgjorde og hadde vonde ånder i seg, og han dreiv ut ånderne med eit einaste ord, og alle som hadde vondt, gjorde han gode att.Select Matthew 8:16

17Soleis skulde det sannast det som Jesaja, profeten, hev tala, når han segjer: «Han våre sotter på seg tok, og våre sykjor bar.»Select Matthew 8:17

18Då Jesus såg at det hadde samla seg mykje folk ikring honom, sagde han til læresveinarne: «Lat oss fara yver til hi sida!»Select Matthew 8:18

19I det same kom ein skriftlærd mann til honom og sagde: «Meister, eg vil fylgja deg kvar du fer.»Select Matthew 8:19

20Då svara Jesus: «Revarne hev hi, og fuglarne i lufti hev reir, men Menneskjesonen hev ingen stad han kann leggja sitt hovud nedpå.»Select Matthew 8:20

21Ein annan - ein av læresveinarne hans - sagde med honom: «Herre, lat meg fyrst få ganga heim og jorda far min!»Select Matthew 8:21

22Men Jesus svara: «Fylg du meg, og lat dei daude jorda sine daude!»Select Matthew 8:22

23So gjekk han ut i båten, og læresveinarne var med.Select Matthew 8:23

24Um eit bil vart det so hard sjø at bårorne slo yver båten; men han låg og sov.Select Matthew 8:24

25Då gjekk dei burt til honom og vekte honom og sagde: «Herre, hjelp! Me gjeng under!»Select Matthew 8:25

26«Kvi er de so rædde?» sagde han; «kor lite tru de hev!» So stod han upp og truga vinden og sjøen, og det vart blikende stilt.Select Matthew 8:26

27Og folk undra seg og sagde: «Kva mann er dette, at både vind og sjø må lyda honom?»Select Matthew 8:27

28Då han kom yver på hi sida, til Gadarenarlandet, møtte han tvo forgjorde, som kom ut or gravholorne; dei var so ville og vonde at ingen kunde koma fram den vegen.Select Matthew 8:28

29Og best det var, sette dei i og ropa: «Kva vil du oss, du Guds Son? Er du komen hit for å plåga oss fyre tidi?»Select Matthew 8:29

30Eit godt stykke ifrå gjekk ein stor svineflokk på beite.Select Matthew 8:30

31So bad ånderne: «Driv du oss ut, so lat oss fara i svineflokken!»Select Matthew 8:31

32«Gjer so då!» svara han. Då for dei ut og for inn i svini. Og brått sette heile flokken utyver stupet og ned i sjøen og druknast.Select Matthew 8:32

33Gjætarane rømde, og då dei kom til byen, fortalde dei alt saman, og sagde korleis det hadde gjenge med dei forgjorde.Select Matthew 8:33

34Då gjekk alt byfolket ut imot Jesus, og då dei fekk sjå honom, bad dei at han vilde fara burt ifrå bygderne deira.Select Matthew 8:34

Next: Matthew 9Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Matthew

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.