Numbers 12
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Mirjam, og Aron med, tala ille um Moses for den ætiopkvinna skuld, som han hadde teke til kona - for han hadde gift seg med ei ætiopisk kvinna -Select Numbers 12:1
2og dei sagde: «Er det då berre Moses Herren hev tala med? Hev han ikkje tala med oss og?» Og Herren høyrde det.Select Numbers 12:2
3No var Moses ein mild og tolug mann, mildare enn alle menneskje på jordi.Select Numbers 12:3
4Men Herren sagde brått til Moses og til Aron og til Mirjam: «Gakk ut til møtetjeldet alle tri!» So gjekk dei dit alle tri.Select Numbers 12:4
5Og Herren for ned i ein skystopul, og stod i tjelddøri og ropa: «Aron og Mirjam!» Då gjekk dei ut båe tvo.Select Numbers 12:5
6Og han sagde: «Lyd no etter ordi mine: Er det ein profet millom dykk, so ter eg, Herren, meg for honom i syner, og talar med honom i draumar.Select Numbers 12:6
7Men so er det ikkje med Moses, tenaren min; honom lit eg so på, at eg hev sett honom yver heile mitt hus.Select Numbers 12:7
8Munn til munn talar eg med honom, klårt og ikkje i gåtor, og han fær sjå Herren i rette hamen hans skapnad. Korleis kunde de då våga å tala ille um Moses, min tenar?»Select Numbers 12:8
9Og Herrens vreide loga upp imot dei, og han for burt.Select Numbers 12:9
10Då skyi hadde kvorve burt frå tjeldet, då var Mirjam spillsjuk, og kvit som snø; med same Aron snudde seg mot henne, såg han at ho var spillsjuk.Select Numbers 12:10
11Då sagde han til Moses: «Gode herre bror! Lat oss ikkje lida for mykje for syndi og dårskapen vår!Select Numbers 12:11
12Lat henne ikkje verta som eit daudt foster, som er halvrote når det kjem ut or morslivet!»Select Numbers 12:12
13Då ropa Moses til Herren og sagde: «Å kjære, kjære Gud, gjer henne god att!»Select Numbers 12:13
14Og Herren sagde til Moses: «Hadde far hennar sputta henne i andlitet, laut ho då ikkje sitja med skam i sju dagar? No skal dei stengja henne ute frå lægret i sju dagar, so kann dei taka henne inn att!»Select Numbers 12:14
15So stengde dei Mirjam ute frå lægret i sju dagar, og folket tok ikkje av stad, fyrr dei hadde teke henne inn att.Select Numbers 12:15
16Sidan tok folket ut frå Haserot, og slo læger i Paranheidi.Select Numbers 12:16
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain