Numbers 13
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og Herren tala atter til Moses, og sagde:Select Numbers 13:1
2«Send ut folk til å forfara Kana’ans-landet, som eg vil gjeva Israels-borni! Ein mann for kvar ætt skal de senda, og alle skal vera av dei fremste mennerne deira.»Select Numbers 13:2
3So sende Moses folk ut frå Paranheidi, som Herren hadde sagt, og dei han sende var alle av dei gjævaste mennerne i Israel.Select Numbers 13:3
4Dei heitte: Sammua, son åt Sakkur, av Rubens-ætti;Select Numbers 13:4
5Safat, son åt Hori, av Simeons-ætti;Select Numbers 13:5
6Kaleb, son åt Jefunne, av Juda-ætti;Select Numbers 13:6
7Jigeal, son åt Josef, av Issakars-ætti;Select Numbers 13:7
8Hosea, son åt Nun, av Efraims-ætti;Select Numbers 13:8
9Palti, son åt Rafu, av Benjamins-ætti;Select Numbers 13:9
10Gaddiel, son åt Sodi, av Sebulons-ætti;Select Numbers 13:10
11Gaddi, son åt Susi, av Josefs-ætti, av Manasse-greini;Select Numbers 13:11
12Ammiel, son åt Gemalli, av Dans-ætti;Select Numbers 13:12
13Setur, son åt Mikael, av Assers-ætti;Select Numbers 13:13
14Nahbi, son åt Vofsi, av Naftali-ætti;Select Numbers 13:14
15Ge’uel, son åt Maki, av Gads-ætti.Select Numbers 13:15
16Det var dei mennerne som Moses sende ut til å rundfara landet; men Hosea, son åt Nun, kalla han Josva.Select Numbers 13:16
17Han sende dei på njosningsferd til Kana’ans-landet, og sagde til deim: «Far upp her, til Sudlandet, og tak upp i fjellet,Select Numbers 13:17
18og sjå korleis landet er laga, og um folket som bur der er sterkt eller veikt, um dei er få eller mange,Select Numbers 13:18
19og um landet deira er godt eller låkt, og kva slag byar dei bur i, um der er læger eller borger,Select Numbers 13:19
20og um jordi er feit eller skrinn, og um der er tre eller ikkje. Ver trøystuge, og tak med dykk noko av frukti i landet!» Det var då i det bilet druvorne for til å mogna.Select Numbers 13:20
21So tok dei av stad, og endefor landet, alt ifrå Sinheidi til Rehob, som ligg innmed vegen til Hamat.Select Numbers 13:21
22Dei for upp til Sudlandet og kom til Hebron. Der budde Ahiman og Sesai og Talmai, Anaks-sønerne - Hebron var bygt sju år fyre Soan i Egyptarland. -Select Numbers 13:22
23So kom dei til Eskoldalen. Der skar dei ei vintregrein med ein druvekrans, som tvo mann laut bera millom seg på ei stong, og so nokre granateple og fikor.Select Numbers 13:23
24Den staden vart sidan heitande Eskoldalen, etter den druvekransen som Israels-sønerne skar av der.Select Numbers 13:24
25Då det leid av fyrti dagar, kom dei att, og hadde endefare landet.Select Numbers 13:25
26Dei fann Moses og Aron og heile Israels-lyden i Paranheidi, i Kades, og gav fråsegn um det dei hadde set, og synte deim frukterne frå Kana’ans-landet.Select Numbers 13:26
27«Me kom til det landet du sende oss til,» sagde dei til Moses, «og det er visst at det landet fløymer med mjølk og honning, og her ser de frukterne som veks der.Select Numbers 13:27
28Men folket som bur der, er sterkt, og byarne store, med svære murar ikring. Anaks-sønerne såg me der og,Select Numbers 13:28
29og i Sudlandet bur Amalek-folket, og i fjellbygderne hetitarne og jebusitarne og amoritarne, og utmed havet og langsmed Jordan bur Kananitarne.»Select Numbers 13:29
30Då tok folket til å murra mot Moses, men Kaleb stagga på deim, og sagde: «Jau, me vil fara dit, og leggja landet under oss; me kann godt taka det.»Select Numbers 13:30
31Men dei mennerne som hadde vore med honom, sagde: «Me torer ikkje ganga imot dette folket; dei er oss for sterke.»Select Numbers 13:31
32Og dei lasta burt landet for Israels-folket, og sagde: «Det landet me for igjenom og skoda, er eit land til å øyda ut folk; og alle me såg der, var kjempekarar;Select Numbers 13:32
33der såg me risarne, Anaks-sønerne, som er av riseætt, og mot deim tyktest me å vera berre som engsprettor, og so tykte dei og.»Select Numbers 13:33
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain