Numbers 15
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Og Herren tala atter til Moses, og sagde:Select Numbers 15:1
2«Tala til Israels-folket, og seg med deim: «Når de kjem til det landet de skal bu og byggja i, det som eg vil gjeva dykk,Select Numbers 15:2
3og de lagar til offermat for Herren - brennoffer eller slagtoffer av storfe eller småfe, til godange for Herren - anten det er ein lovnad de vil løysa, eller ei gåva det gjev i godvilje, eller eit høgtidsoffer,Select Numbers 15:3
4so skal det attåt offeret som de ber fram for Herren, koma med eit grjongåva, og det skal vera ei kanna fint mjøl, blanda med ei halvkanna olje,Select Numbers 15:4
5og til drykkoffer skal du gjeva ei halvkanna vin attåt brenn- eller slagtofferet, dersom det er eit lamb;Select Numbers 15:5
6er det ein ver, so skal du til grjonoffer gjeva tvo kannor fint mjøl, blanda med tvo pottar olje,Select Numbers 15:6
7og til drykkoffer skal du bera fram tvo pottar vin; då er det eit offer som angar godt for Herren.Select Numbers 15:7
8Ofrar de ein ung ukse til brennoffer eller slagtoffer, anten det er ein lovnad de vil løysa, eller eit takkoffer til Herren,Select Numbers 15:8
9so skal du attåt uksen bera fram tri kannor fint mjøl, blanda med ei kanna olje, til grjonoffer,Select Numbers 15:9
10og til drykkoffer ei kanna vin; då er det ein offerrett som gjev god ange for Herren.Select Numbers 15:10
11Soleis skal de gjera for kvar ukse og ver og for kvart lamb eller kidSelect Numbers 15:11
12de ofrar, anten offerdyri er få eller mange.Select Numbers 15:12
13Alle som er fødde og borne i landet, skal gjera so som eg no hev sagt, når dei vil bera fram ein offerrett til godange for Herren.Select Numbers 15:13
14Er det nokon framand som held til hjå dykk, eller i framtidi kjem til å bu millom dykk, og vil bera fram ein offerrett til godange for Herren, so skal han gjera like eins som de.Select Numbers 15:14
15Det gjeld same retten for heile lyden, for dykk sjølve so vel som for dei framande som bur i landet dykkar; det er ei lov som skal gjelda for alle tider at dei framande skal vera som de sjølve for Herrens åsyn.Select Numbers 15:15
16Ei lov og ein rett skal vera for dykk og for dei framande som bur hjå dykk.»»Select Numbers 15:16
17Og Herren tala atter til Moses, og sagde:Select Numbers 15:17
18«Tala til Israels-sønerne, og seg til deim: «Når de kjem til det landet som eg vil føra dykk til,Select Numbers 15:18
19og et av den maten de avlar der, so skal de koma med ei reida til Herren:Select Numbers 15:19
20Av det fyrste gropet de mel, skal de bera fram ei kaka til reida for Herren, liksom de ber fram reida frå treskjarstanden -Select Numbers 15:20
21av det fyrste malingi skal de all tid gjeva Herren ei reida.Select Numbers 15:21
22Fer de i mist, og gløymer noko av dei bodi som Herren hev gjeve Moses,Select Numbers 15:22
23og som Moses hev kunngjort for dykk, anten no, med same Herren hev gjeve bodet, eller seinare frametter tidi,Select Numbers 15:23
24og det er uviljande gjort, og lyden uvitande, so skal heile lyden bera fram ein ung ukse til brennoffer og godange for Herren, med grjonoffer og drykkoffer som til høyrer, soleis som det er fyresagt, og ein geitebukk til syndoffer,Select Numbers 15:24
25og presten skal gjera soning for heile Israels-lyden; då skal dei få tilgjeving etter di det var uviljande gjort, og dei hev kome til Herren med offergåva si og bore fram syndofferet sitt til bot for si misferd.Select Numbers 15:25
26Både heile Israels-lyden og dei framande som bur millom deim, skal få tilgjeving. For heile folket var saka i misferdi.Select Numbers 15:26
27Er det ein einskildmann som uviljande hev synda, so skal han bera fram ei årsgamall geit til syndoffer.Select Numbers 15:27
28Og presten skal beda til Herren for den som uviljande hev misfare seg og synda, og gjera soning for honom, so skal han få tilgjeving.Select Numbers 15:28
29Dette gjeld både for den som er fødd og boren millom Israels-folket og for den framande som bur millom deim. Det gjeld same retten for dykk alle, når de uviljande gjer noko gale.Select Numbers 15:29
30Men den som med vilje gjer noko vondt, anten det er eit heimemenneskje eller ein framand, han hæder Gud og skal rydjast ut or folket sitt;Select Numbers 15:30
31for han hev vanvyrdt Herrens ord og brote bodet hans: den mannen skal rydjast ut; han skal lida for brotet sitt.»»Select Numbers 15:31
32Då Israels-folket var i øydemarki, råka dei ein gong ein mann som sanka ved ein helgedag.Select Numbers 15:32
33Dei som kom yver honom medan han sanka veden, førde honom fram for Moses og Aron og heile lyden.Select Numbers 15:33
34Og dei sette honom fast; for det var ikkje gjeve noko serskilt bod um kva som skulde gjerast med honom.Select Numbers 15:34
35Då sagde Herren til Moses: «Mannen skal lata livet: Heile lyden skal steina honom utanfor lægret.»Select Numbers 15:35
36So førde heile lyden honom ut til ein stad utanfor lægret, og steina honom i hel, soleis som Herren hadde sagt til Moses.Select Numbers 15:36
37Og Herren sagde til Moses:Select Numbers 15:37
38«Tala til Israels-sønerne, og seg til deim, at dei skal gjera seg duskar og hava i snipparne på klædi sine, både dei og etterkomarane deira, og i kvar dusk skal dei setja ei purpursnor.Select Numbers 15:38
39Dei duskarne skal de hava til prydnad, og når de ser på deim, skal de minnast alle Herrens bod og halda dykk etter deim, so de ikkje fer hit og dit etter som hjarta og augo segjer dykk til; for dei lokkar dykk jamleg til utruskap.Select Numbers 15:39
40Det er so de skal koma i hug å halda alle bodi mine og vera heilage for dykkar Gud.Select Numbers 15:40
41Eg er Herren, dykkar Gud, som førde dykk ut or Egyptarlandet, og vil vera dykkar Gud. Eg, Herren, er dykkar Gud.»Select Numbers 15:41
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain