Numbers 16
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Korah, son åt Jishar Kahatsson av Levi-ætti, og Datan og Abiram, sønerne hans Eliab, og On Peletsson av Rubens-ætti tok til å yppa seg mot Moses,Select Numbers 16:1
2og saman med dei tvo hundrad og femti av dei øvste i Israels-lyden, som var kåra til tingmenner, og hadde eit godt namn.Select Numbers 16:2
3Dei slo seg i hop mot Moses og Aron, og sagde til deim: «No lyt det vera nok! Heile lyden er heilag, alle saman, og Herren er midt imillom deim; kvi vil då de all tid halda dykk gildare enn Herrens lyd?»Select Numbers 16:3
4Då Moses høyrde det, kasta han seg ned på jordi.Select Numbers 16:4
5Og han tala til Korah og heile flokken hans, og sagde: «I morgon vil Herren syna kven som er hans folk, og kven som er heilag og kann koma inn til honom, og dei som han då vel, skal få koma inn til honom.Select Numbers 16:5
6Gjer no so, du Korah og heile flokken din: Tak i morgon med dykk glodfat,Select Numbers 16:6
7og hav eld i deim, og legg røykjelse på elden for Herrens åsyn, og den som Herren vel, han skal vera heilag. Lat so det vera nok, de Levi-søner!»Select Numbers 16:7
8Og endå sagde Moses til Korah: «Høyr no, de Levi-søner!Select Numbers 16:8
9Er de ikkje nøgde med at Israels Gud hev skilt dykk ut frå Israels-lyden, so de skulde vera næmare honom og greida arbeidet i Herrens hus, og ganga lyden til handa?Select Numbers 16:9
10Han hev teke deg og alle brørne dine, Levi-sønerne, innåt seg, og no trår de etter preste-embættet og?Select Numbers 16:10
11Det er mot Herren de hev slege dykk i hop, du og heile flokken din; for kva er Aron? Kann det vera verdt å setja seg upp i mot honom?»Select Numbers 16:11
12So sende Moses bod etter Datan og Abiram, sønerne hans Eliab; men dei svara: «Me kjem ikkje!Select Numbers 16:12
13Er det ikkje nok at du lokka oss burt frå eit land som fløymer med mjølk og honning, so me skulde døy i øydemarki? Vil du no attpå råda og rikja yver oss?Select Numbers 16:13
14Ikkje heller hev du ført oss til eit land som fløymer med mjølk og honning, og gjeve oss åkrar og aldehagar til eiga! Trur du då du kann synkverva desse mennerne? Me kjem ikkje!»Select Numbers 16:14
15Då vart Moses brennande harm, og han sagde til Herren: «Ansa ikkje offeret deira! Ikkje so mykje som eit asen hev eg teke frå deim, og ingen av deim hev eg gjort noko til meins.»Select Numbers 16:15
16So sagde han til Korah: «Møt no fram for Herrens åsyn i morgon, du og heile flokken din! Aron skal og møta fram,Select Numbers 16:16
17og de skal taka kvar sitt glodfat og leggja røykjelse på deim, og bera deim fram for Herrens åsyn, tvo hundrad og femti glodfat, og du og Aron skal og taka kvar sitt glodfat.»Select Numbers 16:17
18So tok dei kvar sitt glodfat, og hadde eld i deim, og lagde røykjelse på og stod i møtetjelddøri, og det same gjorde Moses og Aron;Select Numbers 16:18
19og Korah samla heile lyden imot dei framanfor møtetjelddøri. Då synte Herrens herlegdom seg for heile lyden.Select Numbers 16:19
20Og Herren tala til Moses og Aron, og sagde:Select Numbers 16:20
21«Skil dykk frå denne lyden, so skal eg gjera ende på deim, so fort som ein blunkar med auga.»Select Numbers 16:21
22Men dei kasta seg på kne, og sagde: «Allvelduge Gud, du som råder yver alle manneliv, vert du vill på heile lyden, for di ein mann syndar?»Select Numbers 16:22
23Og Herren svara Moses:Select Numbers 16:23
24«Seg til folket at dei skal hava seg burt frå bustaden åt Korah og Datan og Abiram og frå alt som derikring er!»Select Numbers 16:24
25So reiste Moses seg upp og gjekk burt til Datan og Abiram, og Israels hovdingar fylgde honom.Select Numbers 16:25
26Og han tala til folket, og sagde: «Gakk burt frå husi åt desse gudlause mennerne, og kom ikkje innåt noko som høyrer deim til; elles kjem de og til å lida for alle synderne deira!»Select Numbers 16:26
27Då flutte dei seg burt frå buderne åt Korah og Datan og Abiram og alt som var ikring um. Men Datan og Abiram kom ut og stod i buddøri med konorne sine og borni, både store og små.Select Numbers 16:27
28Og Moses sagde: «Dette skal de hava til merke på at Herren hev sendt meg til å gjera alle desse verki, og at det ikkje er av meg sjølv eg gjer det:Select Numbers 16:28
29dersom desse døyr på same vis som anna folk, og møter lagnaden som alle andre menneskje, so hev Herren ikkje sendt meg;Select Numbers 16:29
30men dersom Herren let henda noko som aldri fyrr hev hendt, dersom jordi let upp gapet sitt, og gløyper deim og alt som deira er, so dei fer livande ned i helheimen, so veit de at desse mennerne hev spotta Herren.»Select Numbers 16:30
31Ikkje fyrr hadde han sagt dei ordi, so rivna grunnen under føterne deira;Select Numbers 16:31
32jordi let upp gapet sitt, og gløypte deim og husi deira og alt folket hans Korah og alt det dei åtte.Select Numbers 16:32
33Dei for livande ned i helheimen med alt som deira var, jordi gøymde deim, og dei kvarv burt or lyden.Select Numbers 16:33
34Og heile Israel, som stod rundt ikring, rømde då dei høyrde skriket deira; dei var rædde jordi skulde gløypa deim med.Select Numbers 16:34
35So for det eld ut frå Herren, og brende upp dei tvo hundrad og femti mennerne som hadde bore fram røykjelse.Select Numbers 16:35
36Då tala Herren til Moses, og sagde:Select Numbers 16:36
37«Seg til Eleazar, son åt Aron, øvstepresten, at han skal taka upp glodfati som ligg att der elden hev fare, og strå glørne vidt utyver! For heilage er dei,Select Numbers 16:37
38glodfati åt desse mennerne som laut lata livet for syndi si; de skal hamra dei ut til plator, og klæda altaret med deim. Dei hev vorte framborne for Herrens åsyn; difor er dei heilage, og skal vera eit varsl for Israels-borni.»Select Numbers 16:38
39Og Eleazar, presten, gjorde som Moses hadde sagt honom frå Herren: han tok koparfati som dei hadde bore fram dei mennerne som brann upp, og smedarne hamra plator av deim til å klæda altaret med,Select Numbers 16:39
40so Israels-borni skulde koma i hug at ingen framand, ingen som ikkje er av Arons ætt, må ganga fram og brenna røykjelse for Herrens åsyn; elles kjem han til å fara same ferdi som Korah og hans flokk.Select Numbers 16:40
41Dagen etter mukka heile Israels-lyden mot Moses og Aron, og sagde: «Det er de som hev drepe Herrens folk!»Select Numbers 16:41
42og ålmugen tok til å samla seg mot deim. Moses og Aron vende seg mot møtetjeldet; då såg dei at skyi låg yver tjeldet, og herlegdomen åt Herren skein fram.Select Numbers 16:42
43So gjekk dei fram for møtetjeldet,Select Numbers 16:43
44Og Herren tala til Moses, og sagde:Select Numbers 16:44
45«Sjå til å koma dykk burt frå denne hopen, so skal eg tyna dei i ein augneblink!» Då kasta dei seg på kne,Select Numbers 16:45
46og Moses sagde til Aron: «Tak glodfatet; legg i gløder frå altaret, og hav røykjelse uppå, og skunda deg so burt til lyden med det, og gjer soning for deim! For Herren hev slept harmen sin laus - sotti er komi!»Select Numbers 16:46
47Aron gjorde som Moses sagde, og tok glodfatet og sprang midt inn i flokken; sotti hadde då alt teke til å herja millom folket. So lagde han røykjelsen på gløderne, og bad ei soningsbøn for folket,Select Numbers 16:47
48med han stod der millom daude og livande. Då stana sotti;Select Numbers 16:48
49men det var fjortan tusund og sju hundrad som døydde i den sotti, umfram deim som miste livet for Korahs skuld.Select Numbers 16:49
50Då sotti hadde gjeve seg, gjekk Aron attende til Moses, til møtetjelddøri.Select Numbers 16:50
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain