Skip to content
Church.wiki
Numbers

Numbers 24

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Men no tyktest Bileam sjå at det var Herrens vilje å velsigna Israel, og han gjekk ikkje burt og søkte teikn, som han fyrr hadde gjort; han vende andlitet mot øydemarki,Select Numbers 24:1

2og såg utyver til han fekk auga på Israels-ætterne, som låg der sida um sida. Då kom Guds ande yver honom,Select Numbers 24:2

3og han kvad: «Segjer Bileam, Beors son, mæler mannen med augo att,Select Numbers 24:3

4han som høyrer ord i frå Gud, syner frå den Allsterke ser, med opna augo sigen ned:Select Numbers 24:4

5Kor gilde buder Jakob hev, kor gjæv ein bustad Israel!Select Numbers 24:5

6Som bekkjedalar breider seg, som aldehagar kring ei å, aloetrei Herren ol, og cedrarn’, attmed vatnet veks.Select Numbers 24:6

7Utor hans byttor strøymer vatn, og vel hans åker vatna er. Hans konge yver Agag gjeng, og høgt hans rike hevjar seg.Select Numbers 24:7

8Gud leid’ han or Egyptarland, ein urokse med sterke horn. Fiendefolki upp han et, og knokarn’ deira knasar han, med sine kolvar sund deim skyt.Select Numbers 24:8

9Som løva legg han seg til ro; kven vågar vel å vekkj’ han upp? Gud signe den som signar deg, og banne den som bannar deg!»Select Numbers 24:9

10Då vart Balak brennande harm på Bileam; han slo i hop henderne, og sagde til honom: «Eg kalla deg hit so du skulde beda vondt yver uvenerne mine, og no hev du velsigna deim tri gonger!Select Numbers 24:10

11Far no heim med deg so fort du kann! Eg hadde tenkt å løna deg vel, men Herren hev meinka deg løni.»Select Numbers 24:11

12Bileam svara: «Sagde eg det ikkje straks åt dei mennerne du sende til meg? -Select Numbers 24:12

13«Um Balak gjev meg huset sitt fullt av sylv og gull,» sagde eg, «so kann eg ikkje brjota Herrens bod og gjera noko etter min eigen hug, anten godt eller vondt; berre det Herren vil, kann eg tala.»Select Numbers 24:13

14No fer eg heim att til folket mitt, men fyrst vil eg varsla deg kva dette folket kjem til å gjera men ditt folk i komande dagar.»Select Numbers 24:14

15So bar han upp spådomen sin, og kvad: «Segjer Bileam, Beors son, mæler mannen med augo att,Select Numbers 24:15

16han som høyrer ord ifrå Gud, vita fær det den Høgste veit, syner frå den Allsterke ser, med opna augo sigen ned:Select Numbers 24:16

17Eg skodar han, men ikkje no, eg augnar han, men ikkje nær - ei stjerna som or Jakob stig, eit spir som sprett or Israel! - Moabs tunnvangar trør han sund, og øyder ufredsætti ut.Select Numbers 24:17

18Edom vert eigedomen hans, og Se’ir slær han under seg, det uvenern’ hans åtte fyrr; stort velde vinn seg Israel.Select Numbers 24:18

19Av Jakob ris den råda skal; han ryd ut or byarn’ ut deim som frå bardagen hev berga seg.»Select Numbers 24:19

20So såg han amalekitane. Då kvad han dette verset: «Fyrst utav folk er Amalek, men ein gong gjeng han og til grunns.»Select Numbers 24:20

21Og han såg kenitarne, og kvad: «Din bustad er ei borg so fast, på nuten hev ditt reir du bygt.Select Numbers 24:21

22Men endå vert det øydelagt snart fører Assur deg av stad.»Select Numbers 24:22

23So kvad han atter: «Ai, ei, kven vert vel etter då, når Gud let dette ganga fram?Select Numbers 24:23

24Med skip frå Kittimleidi kjem; dei døyver Assur, døyver deim som burtanfyre elvi bur, so dei og utor heimen kverv.»Select Numbers 24:24

25So gjorde Bileam seg reidug, og for heim att, og Balak tok og på si leid.Select Numbers 24:25

Next: Numbers 25Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Numbers

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.