Skip to content
Church.wiki
Numbers

Numbers 28

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herren tala atter til Moses, og sagde:Select Numbers 28:1

2«So skal du segja til Israels-sønerne: «Offeri mine, maten min, dei angande retterne mine lyt de koma i hug å bera fram for meg på si visse tid.»Select Numbers 28:2

3Seg til deim: «So skal dei rettarne vera som de ber fram for Herren: Tvo årsgamle lytelause lamb um dagen, til fast brennoffer.Select Numbers 28:3

4Eitt lamb skal du ofra um morgonen, og eitt solegladsbil,Select Numbers 28:4

5og til grjonoffer ei kanna fint mjøl, blanda med ei halvkanna av den beste beroljen.Select Numbers 28:5

6Det skal vera det faste brennofferet, so som det vart frambore på Sinaifjellet til ein kveikjande ange, ein rjukande rett for Herren.Select Numbers 28:6

7Og drykkofferet som høyrer til det eine lambet, skal vera ei halvkanna vin; den skal de skjenkja ut i heilagdomen til kryddedrykk for Herren.Select Numbers 28:7

8Det andre lambet skal du ofra solegladsbil; med same grjonofferet som um morgonen, og same drykkofferet, skal du bera det fram, då er det ein god offerrett, som angar søtt for Herren.Select Numbers 28:8

9Um kviledagen skal du ofra tvo årsgamle lamb utan lyte, og til grjonoffer tvo kannor fint mjøl, blanda med olje, og drykkofferet som høyrer til.Select Numbers 28:9

10Det er kviledags-brennofferet som skal berast fram kvar helg, umfram det daglege brennofferet og drykkofferet som høyrer til.Select Numbers 28:10

11Den fyrste dagen i kvar månad skal de bera fram eit brennoffer for Herren: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb utan lyte,Select Numbers 28:11

12og til grjonoffer tri kannor fint mjøl, blanda med olje, for kvar ukse, og tvo kannor fint mjøl, blanda med olje, for kvar ver,Select Numbers 28:12

13og ei kanna fint mjøl, blanda med olje, for kvart lamb; då er det eit rett brennoffer som angar godt, ein god offerrett for Herren.Select Numbers 28:13

14Og drykkofferet skal vera ei kanna vin for kvar ukse, og tvo pottar for kvar ver, og ei halvkanna for kvart lamb. Dette er månads-brennofferet som de skal bera fram kvar nymånedag i året.Select Numbers 28:14

15Då skal de og ofra ein geitebukk til syndoffer åt Herren, umfram det daglege brennofferet og drykkofferet som høyrer til.Select Numbers 28:15

16Den fjortande dagen i den fyrste månaden er det påskehelg for Herren.Select Numbers 28:16

17Og den femtande dagen i den same månaden er det pilegrimshelg; då skal de eta usyrt brød sju dagar.Select Numbers 28:17

18Den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid.Select Numbers 28:18

19Og de skal bera fram for Herren ein rjukande brennofferrett: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -Select Numbers 28:19

20og til grjonoffer attåt dei fint mjøl, blanda med olje: tri kannor for kvar ukse og tvo kannor attåt veren,Select Numbers 28:20

21og ei kanna for kvart av dei sju lambi,Select Numbers 28:21

22og so ein syndofferbukk til soning for dykk.Select Numbers 28:22

23Dette skal de ofra umfram morgon-brennofferet, som høyrer til den daglege offergåva.Select Numbers 28:23

24Sovorne gåvor skal de bera fram kvar av dei sju dagarne: det er offermat som angar godt for Herren; attåt det daglege brennofferet skal de bera det fram, med drykkofferet som høyrer til.Select Numbers 28:24

25Den sjuande dagen skal de halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera då.Select Numbers 28:25

26Nygrødedagen, når de ber fram eit nytt grjonoffer for Herren, og høgtidar sjuvikehelgi, då skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid.Select Numbers 28:26

27Og de skal bera fram eit brennoffer til godange for Herren: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb,Select Numbers 28:27

28og til grjonoffer fint mjøl, blanda med olje, tri kannor for kvar ukse, og tvo kannor for kvar ver,Select Numbers 28:28

29og ei kanna for kvart av dei sju lambi,Select Numbers 28:29

30og so ein geitebukk til soning for dykk.Select Numbers 28:30

31Det skal de ofra umfram det daglege brennofferet og grjonofferet som høyrer til. Offeri skal vera lytelause, og dei vanlege drykkofferi skal fylgja med.Select Numbers 28:31

Next: Numbers 29Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Numbers

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.