Numbers 29
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid; den dagen skal lurarne ljoma,Select Numbers 29:1
2og de skal bera fram for Herren eit brennoffer som angar godt: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte,Select Numbers 29:2
3og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor attåt uksen, og tvo kannor attåt veren,Select Numbers 29:3
4og ei kanna for kvart av dei sju lambi,Select Numbers 29:4
5og so ein syndofferbukk til soning for dykk,Select Numbers 29:5
6umfram månads-brennofferet og grjonofferet som høyrer til det, og umfram det faste brennofferet med sitt grjonoffer og dei vanlege drykkofferi; då er det ein god offerrett, som angar søtt for Herren.Select Numbers 29:6
7Tiande dagen i den same sjuande månaden skal de halda eit heilagt møte. Då skal de fasta og ikkje gjera noko arbeid;Select Numbers 29:7
8og de skal bera fram for Herren eit brennoffer som angar godt: ein ung ukse, ein ver, sju årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -Select Numbers 29:8
9og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor attåt uksen, og tvo kannor attåt veren,Select Numbers 29:9
10og ei kanna for kvart av dei sju lambi,Select Numbers 29:10
11og so ein geitebukk til syndoffer, umfram sonings-syndofferet og det daglege brennofferet med grjonofferet og drykkofferi som høyrer til.Select Numbers 29:11
12Femtande dagen i den sjuande månaden skal de samlast til eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid; og de skal halda pilegrimshelg for Herren i sju dagar.Select Numbers 29:12
13Då skal de bera fram for Herren ein brennofferrett, som angar godt for Herren: trettan unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb - lytelause skal dei vera -Select Numbers 29:13
14og grjonofferet som høyrer til: fint mjøl, blanda med olje, tri kannor for kvar av dei trettan uksarne, og tvo kannor for kvar av dei tvo verarne,Select Numbers 29:14
15og ei kanna for kvart av dei fjortan lambi,Select Numbers 29:15
16og so ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer.Select Numbers 29:16
17Andre dagen skal de bera fram tolv unge uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,Select Numbers 29:17
18og grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,Select Numbers 29:18
19og ein geitebukk til syndoffer, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og sine drykkoffer;Select Numbers 29:19
20tridje dagen elleve uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,Select Numbers 29:20
21og grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,Select Numbers 29:21
22og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer;Select Numbers 29:22
23fjorde dagen ti uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,Select Numbers 29:23
24med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,Select Numbers 29:24
25og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer;Select Numbers 29:25
26femte dagen ni uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,Select Numbers 29:26
27med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,Select Numbers 29:27
28og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer;Select Numbers 29:28
29sette dagen åtte uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,Select Numbers 29:29
30med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,Select Numbers 29:30
31og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer;Select Numbers 29:31
32sjuande dagen sju uksar, tvo verar, fjortan årsgamle lamb utan lyte,Select Numbers 29:32
33med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksarne og verarne og lambi etter talet,Select Numbers 29:33
34og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer.Select Numbers 29:34
35Åttande dagen skal de halda ei stor samlingshøgtid, og må ikkje gjera noko utearbeid;Select Numbers 29:35
36og de skal bera fram ein brennofferrett som angar godt: ein ukse, ein ver, sju årsgamle lamb utan lyte,Select Numbers 29:36
37med grjonoffer og drykkoffer som vanleg, svarande til uksen og veren og lambi etter talet,Select Numbers 29:37
38og ein syndofferbukk, umfram det daglege brennofferet med sitt grjonoffer og drykkoffer.Select Numbers 29:38
39Dette er det de skal ofra Herren på høgtiderne dykkar, umfram det de hev lova eller gjev i godvilje, anten det er brennoffer eller grjonoffer eller drykkoffer eller takkoffer.»»Select Numbers 29:39
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain