Skip to content
Church.wiki
Numbers

Numbers 31

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Og Herren tala til Moses, og sagde:Select Numbers 31:1

2«Du skal taka hemn for det som midjanitarne hev gjort Israels-borni; sidan skal du fara til federne dine.»Select Numbers 31:2

3Då tala Moses til folket, og sagde: «Lat nokre av mannskapet dykkar bu seg til herferd! Dei skal koma yver midjanitarne, og føra Herrens hemn yver Midjan.Select Numbers 31:3

4Tusund mann frå kvar av Israels-ætterne skal de senda ut i herferd.»Select Numbers 31:4

5Av dei mange tusund i Israel baud dei då ut tusund mann frå kvar ætt, tolv tusund herbudde menner.Select Numbers 31:5

6Deim sende Moses ut i herferd, tusund mann frå kvar ætt, og med deim sende han Pinehas, son åt Eleazar, øvstepresten; han hadde med seg dei heilage gognerne og stridslurarne.Select Numbers 31:6

7Og dei gjorde ei herferd mot Midjan, so som Herren hadde sagt med Moses, og slo i hel alle karmenner.Select Numbers 31:7

8Og millom deim som dei drap, var kongarne i Midjan, Evi og Rekem og Sur og Hur og Reba, dei fem Midjans-kongarne; og Bileam, son åt Beor, fall og for sverdet deira.Select Numbers 31:8

9So tok dei konorne og borni åt midjanitarne og klyvdyri og bufeet deira og alt det dei åtte;Select Numbers 31:9

10og alle borgarne i det landet dei hadde slege seg ned i og alle tjeldlægri deira, sette dei eld på.Select Numbers 31:10

11Og alt herfanget og alt folket og feet dei hadde teke,Select Numbers 31:11

12førde dei dit som Moses og Eleazar, øvstepresten, og heile Israels-lyden var - til lægret på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko - både fangarne og feet og alt det andre herfanget.Select Numbers 31:12

13Og Moses og Eleazar, øvstepresten, og alle dei høgste i lyden gjekk til møtes med deim utanfor lægret.Select Numbers 31:13

14Men Moses var vond på hovdingarne som kom heim frå stridsferdi, både dei som stod yver tusund og dei som stod yver hundrad mann,Select Numbers 31:14

15og han sagde til deim: «Hev de spart alle kvinnorne?Select Numbers 31:15

16Det var då dei som lydde Bileams råd og lokka Israels-sønerne til å svika Herren for Peors skuld, so sotti kom yver Herrens lyd.Select Numbers 31:16

17Slå no i hel alle sveinborn, og alle kvinnor som hev ått mann eller havt med karfolk å gjera!Select Numbers 31:17

18Men alle ungmøyar som ikkje hev havt med karfolk å gjera, skal de spara, og dei skal høyra dykk til.Select Numbers 31:18

19Og so lyt de halda dykk utanfor lægret i sju dagar, og alle som hev slege nokon i hel eller kome nær nokon som er i helslegen, lyt reinsa seg for synd den tridje og den sjuande dagen, både dei og fangarne deira.Select Numbers 31:19

20Og alle klæde, og alt som er gjort av ler eller geiteragg, og alle trekjerald lyt de reinsa.»Select Numbers 31:20

21Og Eleazar, øvstepresten, sagde til dei mennerne som hadde vore med i herferdi: «Denne fyresegni hev Herren gjeve Moses:Select Numbers 31:21

22Gull og sylv, kopar og jarn, tin og bly,Select Numbers 31:22

23alt som toler eld, skal de hava i elden, so vert det reint; de lyt berre etterpå skira det med vigslevatn; men alt som ikkje toler eld, skal de hava i vatn.Select Numbers 31:23

24Og den sjuande dagen skal de två klædi dykkar, so vert de reine, og sidan kann de koma inn i lægret.»Select Numbers 31:24

25Og Herren sagde til Moses:Select Numbers 31:25

26«Du og Eleazar, øvstepresten, og ættehovdingarne i lyden skal taka tal på alt folket og feet som er fanga,Select Numbers 31:26

27og skifta det likt millom stridsmennerne som var med i herferdi og alt hitt folket.Select Numbers 31:27

28Og du skal taka ei avgift av stridsmennerne: eitt liv for kvart femhundrad, både av folk og av storfe og asen og småfe;Select Numbers 31:28

29det skal de taka av den helvti som fell på herfolket, og gjeva det til Eleazar, øvstepresten; det skal vera ei reida til Herren.Select Numbers 31:29

30Og av den helvti som fell på dei hine Israels-sønerne, skal du taka ut eit liv for kvart halvhundrad, både av folk og av kyr og asen og sauer - av alt feet - og gjeva deim til levitarne som hev umsut med alt det som skal gjerast i Herrens hus.»Select Numbers 31:30

31Moses og Eleazar, øvstepresten, gjorde som Herren hadde sagt til Moses.Select Numbers 31:31

32Og herfanget, det som var att av alt det stridsfolket hadde teke, det var: sauer og geiter: seks hundrad og fem og sytti tusund;Select Numbers 31:32

33uksar og kyr: tvo og sytti tusund;Select Numbers 31:33

34asen: ein og seksti tusund;Select Numbers 31:34

35av folk - kvinnor som ikkje hadde vore nær nokon karmann - var det i alt tvo og tretti tusund.Select Numbers 31:35

36Helvti av dette, den luten som fall på hermennerne, var då: småfe: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad i talet,Select Numbers 31:36

37so avgifti til Herren av sauerne og geiterne vart seks hundrad og fem og sytti;Select Numbers 31:37

38uksar og kyr: seks og tretti tusund; av deim var avgifti til Herren tvo og sytti;Select Numbers 31:38

39asen: tretti tusund og fem hundrad, og avgifti av deim til Herren ein og seksti;Select Numbers 31:39

40fangar: sekstan tusund, og av deim i avgift til Herren tvo og tretti ungmøyar.Select Numbers 31:40

41Og Moses gav avgifti, det som skulde vera reida åt Herren, til Eleazar, øvstepresten, som Herren hadde sagt med honom.Select Numbers 31:41

42Den helvti som kom på dei hine Israels-sønerne, og som Moses hadde skift ifrå hermennerne,Select Numbers 31:42

43den helvti som lyden fekk, det var: tri hundrad og sju og tretti tusund og fem hundrad sauer og geiter,Select Numbers 31:43

44og seks og tretti tusund uksar og kyr,Select Numbers 31:44

45og tretti tusund og fem hundrad asen,Select Numbers 31:45

46og sekstan tusund fangar.Select Numbers 31:46

47Av denne helvti - den som fall på Israels-sønerne - tok Moses ut eit liv for kvart halvhundrad av både folk og fe, og gav deim til levitarne som greidde det som skulde gjerast i Herrens hus, soleis som Herren hadde sagt med honom.Select Numbers 31:47

48So gjekk hovdingarne yver herflokkarne, både dei yver tusund og dei yver hundrad mann, fram for MosesSelect Numbers 31:48

49og sagde til honom: «Me hev teke tal på stridsmennerne som me hadde under oss, og det vantar ikkje ein mann.Select Numbers 31:49

50Difor kjem me no kvar med det gullet me hev vunne: armringar og armband og fingerringar og øyreringar og kulelekkjor; det skal vera ei gåva til Herren og ein løysepening for livet vårt.»Select Numbers 31:50

51Og Moses og Eleazar, øvstepresten, tok imot gullet dei kom med; alt saman var det fint arbeidde ting.Select Numbers 31:51

52Gullet som dei vigde åt Herren, var i alt elleve hundrad merker; det var gåva frå hovdingarne.Select Numbers 31:52

53Men mannskapet hadde og vunne mykje gull, kvar åt seg.Select Numbers 31:53

54Då Moses og Eleazar, øvstepresten, hadde teke imot gullet av hovdingarne, bar dei det inn i møtetjeldet og gøymde det der til ei minning for Herren um Israels-folket.Select Numbers 31:54

Next: Numbers 32Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Numbers

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.