Skip to content
Church.wiki
Numbers

Numbers 32

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Rubens-sønerne og Gads-sønerne hadde mykje bufe - uhorveleg mykje. Då dei no såg dei gode beitemarkerne i landet kring Jazer og i Gileadlandet,Select Numbers 32:1

2kom dei og sagde til Moses og Eleazar, øvstepresten, og hovdingarne i lyden:Select Numbers 32:2

3«Atarot og Dibon og Jazer og Nimra og Hesbon og Elale og Sebam og Nebo og Beon,Select Numbers 32:3

4dei bygderne som Herren hev vunne for Israels-lyden, det er gode febygder, og me hev mykje fe.Select Numbers 32:4

5«Vil du gjera vel mot oss», sagde dei, so lat oss få det landet til odel og eiga, og før oss ikkje yver Jordan!»Select Numbers 32:5

6Då sagde Moses til Gads-sønerne og Rubens-sønerne: «Skal brørne dykkar ganga i striden, og de setja dykk til her?Select Numbers 32:6

7Vil de då gjera Israels-sønerne uhuga til å fara yver åt det landet som Herren hev gjeve deim?Select Numbers 32:7

8Det var det federne dykkar gjorde då eg sende deim ut frå Kades-Barnea til å skoda landet:Select Numbers 32:8

9dei for upp til Eskoldalen og såg på landet, og so skræmde dei Israels-sønerne, so dei miste hugen til å koma inn i det landet som Herren hadde gjeve deim.Select Numbers 32:9

10Den dagen vart Herren brennande harm, og han svor:Select Numbers 32:10

11«Ingen av dei mennerne som for upp frå Egyptarland, og er yver tjuge år gamle, skal få sjå det landet eg hev lova Abraham og Isak og Jakob; for dei hev ikkje lydt meg som dei skulde -Select Numbers 32:11

12ingen utan Kaleb Jefunneson av Kenaz-ætti og Josva Nunsson; dei hev vore trugne til å fylgja Herren.»Select Numbers 32:12

13Herren vart harm på Israel og let deim flakka ikring i øydemarki i fyrti år, til det var ende på heile den ætti som hadde gjort Herren imot.Select Numbers 32:13

14Og no hev de stige i staden åt federne dykkar, eit elde av synduge menner, og aukar endå meir Herrens harm imot Israel.Select Numbers 32:14

15For slær de dykk ifrå og ikkje vil fylgja honom, so kjem han til å halda deim endå lenger i øydemarki, og de fører ulukka yver heile dette folket.»Select Numbers 32:15

16Då gjekk dei fram for Moses og sagde: «Me vil gjera kvier for feet vårt her og byggja borgar for konorne og borni våre;Select Numbers 32:16

17og so vil me væpna oss snøggast me vinn og fara fyre dei hine Israels-sønerne, til me hev ført deim dit dei skal; men konorne og borni våre skal sitja att i borgerne, so dei er trygge for folket her i landet.Select Numbers 32:17

18Me skal ikkje venda heim att, fyrr Israels-borni hev fenge kvar sin eigedom;Select Numbers 32:18

19for me vil ikkje taka land saman med dei andre på hi sida Jordan og lenger undan, når me fær vårt land på denne sida, austanfor Jordan.»Select Numbers 32:19

20«Ja, gjer de det,» sagde Moses, «væpnar de dykk til striden for Herrens augo,Select Numbers 32:20

21og alle stridsmennerne dykkar fer yver Jordan for Herrens augo, til han hev drive fiendarne sine or syne,Select Numbers 32:21

22og vender de ’kje heim att fyrr landet er vunne for Herrens augo, so hev de ingi skuld på dykk, korkje mot Herren eller Israel, og dette landet her skal vera dykkar eigedom med Herrens vilje.Select Numbers 32:22

23Men gjer de det ikkje, då syndar de imot Herren, og skal få kjenna at syndi finn dykk att.Select Numbers 32:23

24Bygg borgar for konorne og borni dykkar, og stell til kvier for småfeet, og gjer som de hev lova!»Select Numbers 32:24

25«Me vil gjera som du segjer, herre,» svara dei;Select Numbers 32:25

26«borni og konorne våre og feet og alle klyvdyri skal vera her i Gileads-borgerne;Select Numbers 32:26

27men sjølve vil me ganga yver Jordan for Herrens augo til strid, kvar våpnfør mann, soleis som du hev sagt.»Select Numbers 32:27

28So tala Moses um det til Eleazar, øvstepresten, og Josva Nunsson og hovdingarne yver alle Israels-ætterne,Select Numbers 32:28

29og sagde: «Gjeng Gads-sønerne og Rubens-sønerne, so mange som er våpnføre, med dykk yver Jordan for Herrens augo, og landet vert teke, so skal de gjeva deim Gileadlandet til eigedom.Select Numbers 32:29

30Men gjeng dei ikkje stridsbudde med dykk yver, so skal dei få eigedomen sin i Kana’ans-landet, saman med dykk andre.»Select Numbers 32:30

31Og Gads-sønerne og Rubens-sønerne svara: «Det som Herren hev sagt til oss, det vil me gjera:Select Numbers 32:31

32me vil fara stridsbudde yver til Kana’ans-landet for Herrens augo, men odelseiga vår skal vera her på denne sida av Jordan.»Select Numbers 32:32

33Då gav Moses Gads- og Rubens-ætterne og halve Manasse-ætti dei riki som Sihon, amoritarkongen, og Og, kongen i Basan, hadde ått, heile landet med alle byarne rundt ikring og markerne som høyrde til.Select Numbers 32:33

34Og Gads-sønerne bygde upp att Dibon og Atarot og AroerSelect Numbers 32:34

35og Atrot-Sofan og Jazer og JogbehaSelect Numbers 32:35

36og Bet-Nimra og Bet-Haran - faste borger og fekvier.Select Numbers 32:36

37Og Rubens-sønerne bygde upp att Hesbon og Elale og KirjatajimSelect Numbers 32:37

38og Nebo og Sibma og Ba’al-Meon, den siste vende dei namnet på; elles let dei borgerne hava dei gamle namni.Select Numbers 32:38

39Sønerne åt Makir, Manasses son, for til Gileadlandet, og tok det, og dreiv ut amoritarne som budde der.Select Numbers 32:39

40Og Moses gav Makirs-ætti Gilead, og dei sette seg ned der.Select Numbers 32:40

41Ja’ir, son åt Manasse, for av stad og tok tjeldbyarne deira, og kalla deim Ja’irsbyarne.Select Numbers 32:41

42Og Nobah for av, og tok Kenatborgi og grenderne der ikring og gav borgi sitt eige namn, Nobah.Select Numbers 32:42

Next: Numbers 33Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Numbers

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.