Skip to content
Church.wiki
Numbers

Numbers 36

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Husfederne åt Gileads-folket, som var ætta frå Makir, son åt Manasse, og høyrde til Josefs-ætterne, gjekk fram og tala so til Moses og styresmennerne, ættehovdingarne åt Israels-folket:Select Numbers 36:1

2«Herren sagde, at du skulle byta landet i luter og lata Israels-sønerne draga strå um luterne, og han sagde at du skulde lata døtterne åt Selofhad, frenden vår, få eigedomen etter far sin.Select Numbers 36:2

3Men vert no dei gifte med menner av dei andre Israels-ætterne, so gjeng eigedomen deira ifrå vår ætt, og jordi åt den ætti dei kjem inn i aukar, men vår ættarjord minkar.Select Numbers 36:3

4Og når jubelåret kjem hjå Israels-folket, so vert eigedomen åt desse gjentorne lagd til den ætti som dei hev kome inn i, og teken ifrå vår ætt.»Select Numbers 36:4

5Då tala Moses til Israels-sønerne, so som Herren hadde sagt honom fyre: «Det er rett som Josefs-sønerne segjer;Select Numbers 36:5

6Høyr no kva Herrens vilje er med døtterne åt Selofhad: dei kann gifta seg med kven dei vil, men det lyt vera innan fedreætti deira.Select Numbers 36:6

7For ingen eigedom må hjå Israels-folket ganga yver frå ei ætt til ei onnor. Alle Israels-sønerne skal halda på eigedomen åt fedreætti si.Select Numbers 36:7

8Og kvar ei dotter som erver jord i eit av Israelsfylki, lyt gifta seg med ein frå same fylket, so kvar Israelsson kann erva odelsjordi etter federne sine,Select Numbers 36:8

9og ingen eigedom skal ganga yver frå ei ætt til ei onnor, men alle Israels-ætterne halda på eigedomen sin.»Select Numbers 36:9

10Og døtterne åt Selofhad gjorde som Herren hadde sagt til Moses.Select Numbers 36:10

11Mahla og Tirsa og Hogla og Milka og Noa, alle døtterne åt Selofhad, gifte seg med frendar;Select Numbers 36:11

12med menner som var ætta frå Manasse, son åt Josef, gifte dei seg, so odelen deira kom til å fylgja den ætti dei høyrde til.Select Numbers 36:12

13Dette var dei bodi og loverne som Herren let Moses kunngjera for Israels-folket på Moabmoarne ved Jordanelvi der ho renn frammed Jeriko.Select Numbers 36:13

Next: Deuteronomy 1Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Numbers

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.