Numbers 7
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Då Moses hadde fenge reist gudshuset og salva og vigsla det, og hadde salva og vigt all husbunaden og altaret med alt som til høyrde,Select Numbers 7:1
2då kom Israels jarlar, ættehovdingarne og fylkesstyrararne, dei som hadde stade for mynstringi,Select Numbers 7:2
3og førde offergåvorne sine fram for Herrens åsyn; det var seks husvogner og tolv uksar, ei vogn frå tvo og tvo av hovdingarne og ein ukse frå kvar av deim. Det kom dei til gudshuset med,Select Numbers 7:3
4og Herren sagde til Moses:Select Numbers 7:4
5«Tak i mot det av deim! De skal hava det til arbeidet ved møtetjeldet, og du skal gjeva det til levitarne, etter som kvar treng det til arbeidet sitt.»Select Numbers 7:5
6So tok Moses imot vognerne og uksarne, og gav deim til levitarne:Select Numbers 7:6
7Gersons-sønerne gav han tvo vogner og fire uksar som dei skulde hava til å greida arbeidet sitt med.Select Numbers 7:7
8Og Merari-sønerne gav han fire vogner og åtte uksar som dei skulde greida sitt arbeid med; og Itamar, son åt Aron, øvstepresten, skulde rettleida deim.Select Numbers 7:8
9Kahats-sønerne gav han ikkje noko; for dei skulde taka vare på dei heilage tingi, og bera deim på herdarne.Select Numbers 7:9
10Den dagen altaret vart salva, kom hovdingarne med vigslegåvor, og bar deim fram åt altaret.Select Numbers 7:10
11Då sagde Herren til Moses: «Lat hovdingarne bera fram gåva si til altarvigsla kvar sin dag.»Select Numbers 7:11
12Den som bar fram gåva si fyrste dagen, var Nahson, son åt Amminadab, av Juda-ætti.Select Numbers 7:12
13Gåva hans var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ein halv mork, heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,Select Numbers 7:13
14og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,Select Numbers 7:14
15og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,Select Numbers 7:15
16og ein geitebukk til syndoffer,Select Numbers 7:16
17og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Nahson, son åt Amminadab.Select Numbers 7:17
18Andre dagen kom Netanel, son åt Suar, hovdingen yver Issakars-ætti,Select Numbers 7:18
19og bar fram gåva si: eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,Select Numbers 7:19
20og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,Select Numbers 7:20
21og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,Select Numbers 7:21
22og ein geitebukk til syndoffer,Select Numbers 7:22
23og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Netanel, son åt Suar.Select Numbers 7:23
24Tridje dagen kom hovdingen yver Sebulons-sønerne, Eliab, son åt Helon,Select Numbers 7:24
25med gåva si, og det var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,Select Numbers 7:25
26og ei gullskål som vog ti lodd, og var fylt med røykjelse,Select Numbers 7:26
27og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,Select Numbers 7:27
28og ein geitebukk til syndoffer,Select Numbers 7:28
29og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Eliab, son åt Helon.Select Numbers 7:29
30Fjorde dagen kom hovdingen yver Rubens-sønerne, Elisur, son åt Sede’ur.Select Numbers 7:30
31Gåva han bar fram, var eit sylvfat som åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,Select Numbers 7:31
32og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,Select Numbers 7:32
33og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,Select Numbers 7:33
34og ein geitebukk til syndoffer,Select Numbers 7:34
35og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Elisur, son åt Sede’ur.Select Numbers 7:35
36Femte dagen kom hovdingen yver Simeons-sønerne, Selumiel, son åt Surisaddai.Select Numbers 7:36
37Gåva han hadde med seg, var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,Select Numbers 7:37
38og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,Select Numbers 7:38
39og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,Select Numbers 7:39
40og ein geitebukk til syndoffer,Select Numbers 7:40
41og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Selumiel, son åt Surisaddai.Select Numbers 7:41
42Sette dagen kom hovdingen yver Gads-sønerne, Eljasaf, son åt Re’uel.Select Numbers 7:42
43Og gåva hans var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,Select Numbers 7:43
44og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,Select Numbers 7:44
45og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,Select Numbers 7:45
46og ein geitebukk til syndoffer,Select Numbers 7:46
47og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Eljasaf, son åt Re’uel.Select Numbers 7:47
48Sjuande dagen kom hovdingen yver Efraims-sønerne, Elisama, son åt Ammihud.Select Numbers 7:48
49Gåva hans var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,Select Numbers 7:49
50og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,Select Numbers 7:50
51og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,Select Numbers 7:51
52og ein geitebukk til syndoffer,Select Numbers 7:52
53og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Elisama, son åt Ammihud.Select Numbers 7:53
54Åttande dagen kom hovdingen yver Manasse-sønerne, Gamliel, son åt Pedasur.Select Numbers 7:54
55Hans gåva var og eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,Select Numbers 7:55
56og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,Select Numbers 7:56
57og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,Select Numbers 7:57
58og ein geitebukk til syndoffer,Select Numbers 7:58
59og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Gamliel, son åt Pedasur.Select Numbers 7:59
60Niande dagen kom hovdingen yver Benjamins-sønerne, Abidan, son åt Gideoni.Select Numbers 7:60
61Han gav eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,Select Numbers 7:61
62og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,Select Numbers 7:62
63og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,Select Numbers 7:63
64og ein geitebukk til syndoffer,Select Numbers 7:64
65og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Abidan, son åt Gideoni.Select Numbers 7:65
66Tiande dagen kom hovdingen yver Dans-sønerne, Ahiezer, son åt Ammisaddai.Select Numbers 7:66
67Det han gav var eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,Select Numbers 7:67
68og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,Select Numbers 7:68
69og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,Select Numbers 7:69
70og ein geitebukk til syndoffer,Select Numbers 7:70
71og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Ahiezer, son åt Ammisaddai.Select Numbers 7:71
72Ellevte dagen kom hovdingen yver Assers-sønerne, Pagiel, son åt Okran.Select Numbers 7:72
73Han og gav eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,Select Numbers 7:73
74og ei gullskål som vog ti lodd, og var fylt med røykjelse,Select Numbers 7:74
75og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,Select Numbers 7:75
76og ein geitebukk til syndoffer,Select Numbers 7:76
77og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Pagiel, son åt Okran.Select Numbers 7:77
78Tolvte dagen kom hovdingen yver Naftali-sønerne, Ahira, son åt Enan,Select Numbers 7:78
79og han gav og eit sylvfat som vog åtte merker, og ein sylvbolle som vog fire og ei halv mork, etter heilag vegt, båe fyllte med fint mjøl, som var blanda med olje, til grjonoffer,Select Numbers 7:79
80og ei gullskål som vog ti lodd, og var fyllt med røykjelse,Select Numbers 7:80
81og ein ung ukse og ein ver og eit årsgamalt verlamb til brennoffer,Select Numbers 7:81
82og ein geitebukk til syndoffer,Select Numbers 7:82
83og til takkofferet tvo naut og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Ahira, son åt Enan.Select Numbers 7:83
84Dette var vigslegåvorne frå Israels hovdingar då altaret vart salva: Tolv sylvfat var det og tolv sylvbollar og tolv gullskåler.Select Numbers 7:84
85Kvart sylvfat vog åtte merker, og kvar sylvbolle fire og ei halv mork; alle sylvkopparne i hop vog hundrad og femti merker etter heilag vegt.Select Numbers 7:85
86Dei tolv gullskålerne, som var fyllte med røykjelse, vog ti lodd kvar etter heilag vegt; alle gullskålerne i hop vog sju og ei halv mork.Select Numbers 7:86
87Av brennoffer-fe var det i alt tolv uksar og tolv verar og tolv årsgamle verlamb, med grjonoffer som til høyrde, og tolv geitebukkar til syndoffer,Select Numbers 7:87
88og av takkoffer-fe fire og tjuge uksar og seksti verar og seksti bukkar og seksti årsgamle verlamb. Det var vigslegåvorne som vart framborne då altaret var salva.Select Numbers 7:88
89Då so Moses gjekk inn i møtetjeldet og skulde tala med Herren, so høyrde han ei røyst som tala til honom frå romet yver lovtavlekista millom båe kerubarne - der tala Gud til honom.Select Numbers 7:89
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain