1 Peter 5
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Dei eldste millom dykk legg eg på hjarta, eg som sjølv er med-eldste og vitne um Kristi lidingar, som og hev lut i den herlegdomen som skal openberrast:Select 1 Peter 5:1
2Gjæt den Guds hjord som er hjå dykk, og hav tilsyn med henne, ikkje av tvang, men sjølvminnt, ikkje for ei skamleg vinning, men med hug,Select 1 Peter 5:2
3ikkje heller so at de vil vera herrar yver kyrkjelydarne, men so at de vert fyredøme for hjordi.Select 1 Peter 5:3
4Når yverhyrdingen openberrast, då skal de få den uvisnelege ærekransen.Select 1 Peter 5:4
5Like eins skal de yngre vera dei eldre undergjevne, og alle skal de klæda dykk i audmykt mot kvarandre; for Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.Select 1 Peter 5:5
6So audmyk dykk då under Guds velduge hand, so han kann upphøgja dykk i si tid!Select 1 Peter 5:6
7Kasta all dykkar sut på honom; for han hev umsut for dykk!Select 1 Peter 5:7
8Ver ædrue, vak! Dykkar motstandar djevelen gjeng ikring som ei burande løva og søkjer kven han kann gløypa;Select 1 Peter 5:8
9statt honom imot, trauste i trui, sidan de veit at dei same lidingar er lagde på brørne dykkar i verdi!Select 1 Peter 5:9
10Men all nådes Gud, som kalla dykk til sin ævelege herlegdom i Kristus Jesus etter ei stuttvarug liding, han skal gjera dykk full-dugande, stadfesta, styrkja, grunnfesta dykk.Select 1 Peter 5:10
11Honom høyrer magti til i all æva. Amen.Select 1 Peter 5:11
12Med Silvanus, den trufaste broren - det meiner eg han er - skriv eg stutt til dykk og påminner og vitnar at dette er Guds sanne nåde, som de stend i.Select 1 Peter 5:12
13Den medutvalde kyrkjelyden i Babylon helsar dykk, like eins Markus, son min.Select 1 Peter 5:13
14Helsa kvarandre med kjærleiks kyss! Fred vere med alle dykk som er i Kristus!Select 1 Peter 5:14
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation