Philemon 1
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Paulus, Kristi Jesu fange, og broderen Timoteus til Filemon, vår kjære ven og medarbeidar,Select Philemon 1:1
2og til Apfia, vår syster, og til Arkippus, vår medstridsmann, og til kyrkjelyden i ditt hus:Select Philemon 1:2
3Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!Select Philemon 1:3
4Eg takkar alltid min Gud, når eg kjem deg i hug i bønerne mine,Select Philemon 1:4
5då eg høyrer um din kjærleik og den tru som du hev til Herren Jesus og til alle dei heilage,Select Philemon 1:5
6at deira samfund med deg i trui må verta verksamt for Kristus i kjennskapen til alt det gode som er i dykk.Select Philemon 1:6
7For eg fekk stor gleda og trøyst ved din kjærleik, av di dei heilage er hugga i hjarta ved deg, bror!Select Philemon 1:7
8Difor, endå eg hev stort frimod i Kristus til å påleggja deg det som sømelegt er,Select Philemon 1:8
9so bed eg då heller for kjærleiken skuld. Slik som eg er, den gamle Paulus, men no og Kristi Jesu fange,Select Philemon 1:9
10bed eg deg for son min, som eg hev avla i mine lekkjor, Onesimus,Select Philemon 1:10
11som fyrr var unyttug for deg, men no er nyttug for deg og for meg, han som eg sender attende til deg.Select Philemon 1:11
12Tak du imot honom, det er mitt eiga hjarta!Select Philemon 1:12
13Eg hadde hug til å få hava honom hjå meg, so han i din stad kunde tena meg i mine lekkjor for evangeliet,Select Philemon 1:13
14men utan ditt samtykkje vilde eg ingen ting gjera, so din godleik ikkje skulde vera liksom av tvang, men av fri vilje.Select Philemon 1:14
15For kann henda han difor vart skild frå deg for ei stund, at du kunde få honom att til æveleg eiga,Select Philemon 1:15
16ikkje lenger som træl, men meir enn ein træl, som ein kjær bror, serleg for meg, men kor mykje meir for deg, både i kjøtet og i Herren!Select Philemon 1:16
17So sant du då held meg for din medbror, so tak imot honom som meg sjølv!Select Philemon 1:17
18Og hev han gjort deg nokon urett, eller er han deg noko skuldig, so før det på mi rekning.Select Philemon 1:18
19Eg, Paulus, skriv med mi eigi hand: Eg skal betala det - at eg ikkje skal segja deg, at du skyldar meg endå deg sjølv.Select Philemon 1:19
20Ja, bror, lat meg då hava gagn av deg i Herren, hugga mitt hjarta i Kristus!Select Philemon 1:20
21I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg, eg er viss på at du vil gjera endå meir enn eg segjer.Select Philemon 1:21
22Stell so og til herbyrge åt meg; for eg vonar at eg ved dykkar bøner skal verta dykk gjeven.Select Philemon 1:22
23Epafras, min medfange i Kristus Jesus, helsar deg;Select Philemon 1:23
24like eins Markus, Aristarkus, Demas, Lukas, mine medarbeidarar.Select Philemon 1:24
25Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!Select Philemon 1:25
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation