Acts 18
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1So drog han frå Aten og kom til Korint.Select Acts 18:1
2Der fann han ein jøde med namnet Akvilas, som var fødd i Pontus og nyst var komen frå Italia, og Priskilla, kona hans; for Klaudius hadde påbode at alle jødar skulde hava seg burt frå Rom; og han gjekk til deim,Select Acts 18:2
3og då han dreiv same handverket, budde han hjå deim og arbeidde der; for dei var tjeldmakarar av handverk.Select Acts 18:3
4Men han heldt samtalar i synagoga kvar kviledag og yvertydde jødar og grækarar.Select Acts 18:4
5Då so Silas og Timoteus kom ned frå Makedonia, var Paulus fullt uppteken med å læra, med di han vitna for jødarne, at Jesus er Messias.Select Acts 18:5
6Men då dei stod imot og spotta, riste han dusti av klædi sine og sagde til deim: «Dykkar blod kome yver dykkar hovud! Eg er rein; frå denne stundi gjeng eg til heidningarne.»Select Acts 18:6
7So gjekk han burt derifrå og kom i huset til ein mann med namnet Justus, som dyrka Gud, og hans hus låg vegg i vegg med synagoga.Select Acts 18:7
8Men Krispus, synagoge-forstandaren, kom til tru på Herren med heile sitt hus; og mange av folket i Korint kom til tru då dei høyrde honom, og let seg døypa.Select Acts 18:8
9Og Herren sagde til Paulus i ei syn um natti: «Ottast ikkje, men tala, og teg ikkje!Select Acts 18:9
10For eg er med deg, og ingen skal leggja hand på deg og gjera deg vondt; for eg hev mykje folk i denne byen.»Select Acts 18:10
11Og han vart buande der eit år og seks månader, og lærde Guds ord millom deim.Select Acts 18:11
12Men då Gallio var landshovding yver Akaia, reiste jødarne seg alle som ein mot Paulus og førde ham fram for domstolen og sagde.Select Acts 18:12
13«Denne set folk upp til å dyrka Gud imot lovi.»Select Acts 18:13
14Då Paulus vilde opna munnen, sagde Gallio til jødarne: «Var det nokor illgjerning eller noko vondt ustykke, de jødar, då hadde eg med god grunn høyrt på dykk med tolmod.Select Acts 18:14
15Men er det stridsspursmål um ei læra og um namn og um dykkar lov, so stell med det sjølve! for i dei ting vil ikkje eg vera domar.»Select Acts 18:15
16Og so dreiv han deim burt frå domstolen.Select Acts 18:16
17Men då tok dei alle fat på Sostenes, synagoge-forstandaren, og slo honom midt for domstolen. Og Gallio brydde seg ikkje noko um alt dette.Select Acts 18:17
18Paulus vart der endå ei lang tid; so bad han velfar med brørne og siglde burt til Syria, og Priskilla og Akvilas i fylgje med honom, etter at han fyrst i Kenkreæ hadde klypt håret sitt, for han hadde ein lovnad på seg.Select Acts 18:18
19So kom dei til Efesus; der let han dei andre vera att, og sjølv gjekk han inn i synagoga og gav seg i samtale med jødarne.Select Acts 18:19
20Då dei bad honom vera der lenger, samtykte han ikkje,Select Acts 18:20
21men baud deim velfar og sagde: «Eg skal koma til dykk att, um Gud so vil.» So siglde han frå Efesus,Select Acts 18:21
22og han kom til Cæsarea, og han drog upp og helsa på kyrkjelyden og drog so ned til Antiokia.Select Acts 18:22
23Då han hadde vore der ei tid, drog han ut og for gjenom Galatarlandet og Frygia frå ende til ende og styrkte alle læresveinarne.Select Acts 18:23
24Men ein jøde med namnet Apollos, fødd i Aleksandria, ein ordhag mann, kom til Efesus; han var sterk i skrifterne.Select Acts 18:24
25Han var upplærd um Herrens veg, og brennande i åndi tala og lærde han grannleg um Herren, endå han kjende berre Johannes-dåpen.Select Acts 18:25
26Og han tok til å tala frimodigt i synagoga. Då Priskilla og Akvilas høyrde honom, tok dei honom til seg og greidde Guds veg grannare ut for honom.Select Acts 18:26
27Då han so vilde draga derifrå til Akaia, talde brørne honom til og skreiv til læresveinarne um å taka imot honom. Og då han kom dit, var han ved Guds nåde til stor hjelp for dei truande.Select Acts 18:27
28For med kraft målbatt han jødarne openberrleg for alle, med di han synte ut or skrifterne at Jesus er Messias.Select Acts 18:28
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain