Skip to content
Church.wiki
Acts

Acts 20

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då so uppstyret hadde stilna, kalla Paulus læresveinarne til seg og gav deim påminningar og bad farvel med deim; so drog han ut og vilde fara til Makedonia.Select Acts 20:1

2Då han hadde fare gjenom desse landi og påminnt deim med mange ord, kom han til Grækland.Select Acts 20:2

3Der vart han verande tri månader; og då jøderne lagde upp meinråd imot honom medan han skulde til å sigla til Syria, tok han den råd å leggja attervegen gjenom Makedonia.Select Acts 20:3

4Til Asia fylgde honom Sopater, son åt Pyrrus, frå Berøa, og av deim frå Tessalonika Aristarkus og Sekundus, og Gaius frå Derbe og Timoteus, og av deim frå Asia Tykikus og Trofimus.Select Acts 20:4

5Desse drog i fyrevegen og venta på oss i Troas.Select Acts 20:5

6Men me siglde ut frå Filippi etter søtebrødhelgi, og kom fem dagar etter til deim i Troas, der me so drygde i sju dagar.Select Acts 20:6

7Den fyrste dagen i vika var me saman og braut brødet; då heldt Paulus samtalar med deim, av di han vilde draga burt dagen etter, og han tøygde talen ut like til midnatt.Select Acts 20:7

8Det var mange lampor i salen der me var samla.Select Acts 20:8

9Men ein ung mann med namnet Eutykus sat i vindauga og var fallen i djup svevn, då Paulus drog samtalen so lenge ut, og i svevnen datt han ut og sturta ned frå tridje høgdi og vart teken upp livlaus.Select Acts 20:9

10Men Paulus gjekk ned og kasta seg yver honom og tok honom i famnen og sagde: «Ståka ikkje! for sjæli hans er i honom.»Select Acts 20:10

11So gjekk han upp att og braut brødet og åt av det; og då han hadde tala med deim ei lang stund heilt til dagsprett, drog han av stad.Select Acts 20:11

12Dei førde guten livande burt og vart storleg trøysta.Select Acts 20:12

13Me hadde då gjenge um bord i skipet og siglde av til Assus og skulde taka Paulus um bord der; for so hadde han påbode, då han sjølv vilde ganga.Select Acts 20:13

14Då han so kom til oss i Assus, tok me honom um bord og kom til Mitylene;Select Acts 20:14

15og derifrå siglde me og kom dagen etter beint utfor Kios; andre dagen kom me til Samos, og då me hadde drygt ei stund i Trogillium, kom me dagen etter til Milet.Select Acts 20:15

16For Paulus hadde sett seg fyre å sigla utanum Efesus, so han ikkje skulde spilla tid i Asia; for han trøytte seg etter å nå Jerusalem til kvitsundagen, um det var mogelegt for honom.Select Acts 20:16

17Frå Milet sende han so bod til Efesus og kalla til seg dei eldste for kyrkjelyden.Select Acts 20:17

18Då dei var komne til honom, sagde han til deim: «De veit korleis mi ferd hjå dykk hev vore heile tidi, alt frå fyrste dagen eg kom til Asia,Select Acts 20:18

19at eg tente Herren med all audmykt og med tåror og i freistingar, som meinråderne frå jødarne førde yver meg,Select Acts 20:19

20korleis eg ikkje heldt att noko av det som kunde vera dykk til gagn, men forkynte dykk det og lærde dykk det for ålmenta og heime i husi,Select Acts 20:20

21med di eg vitna både for jødar og grækarar um umvendingi til Gud og trui på vår Herre Jesus Kristus.Select Acts 20:21

22Og no, sjå, bunden av Anden dreg eg til Jerusalem, og veit ikkje kva som der skal møta meg,Select Acts 20:22

23utan det at den Heilage Ande i by etter by vitnar for meg og segjer at band og trengslor ventar meg.Select Acts 20:23

24Men for meg sjølv agtar eg ikkje mitt liv eit ord verdt, når eg berre kann fullføra mitt laup og den tenesta som eg fekk av Herren Jesus: å vitna um evangeliet um Guds nåde.Select Acts 20:24

25Og no, sjå, eg veit at de ikkje meir skal sjå mi åsyn, alle de som eg gjekk um imillom og forkynte Guds rike.Select Acts 20:25

26Difor vitnar eg for dykk på denne dagen at eg er rein for alle manns blod.Select Acts 20:26

27For ikkje heldt eg noko undan, men eg forkynte dykk heile Guds råd.Select Acts 20:27

28Gjev då agt på dykk sjølve og på heile den hjord som den Heilage Ande sette dykk til tilsynsmenner i til å vakta Guds kyrkjelyd, som han vann seg med sitt eige blod!Select Acts 20:28

29Eg veit at etter min burtgang skal det koma inn millom dykk ville vargar, som ikkje sparer hjordi.Select Acts 20:29

30Ja, frå dykk sjølve skal det koma fram folk som fer med forvend tale og vil lokka læresveinarne etter seg.Select Acts 20:30

31Vak difor, og kom i hug at eg tri år natt og dag ikkje heldt upp med å påminna kvar ein med tåror!Select Acts 20:31

32Og no legg eg dykk yver på Gud og hans nådeord, han som hev magt til å uppbyggja dykk og gjeva dykk arvlut bland alle deim som hev vorte helga.Select Acts 20:32

33Ingen manns sylv eller gull eller klædnad hev eg kravt.Select Acts 20:33

34De veit sjølve at det som eg sjølv trong, og dei som var med meg, det hev desse henderne arbeidt for.Select Acts 20:34

35I alle måtar synte eg dykk, at soleis skal me med strævsamt arbeid vera til hjelp for dei veike og hugsa på Herren Jesu ord, som han sjølv hev sagt: «Det er sælare å gjeva enn å taka.»»Select Acts 20:35

36Då han hadde sagt dette, fall han på kne og bad saman med deim alle.Select Acts 20:36

37Då brast dei alle i sterk gråt og fall Paulus um halsen og kysste honom.Select Acts 20:37

38Og mest vondt gjorde deim det ordet han hadde sagt, at dei ikkje meir skulde få sjå hans åsyn. So fylgde dei honom til skipet.Select Acts 20:38

Next: Acts 21Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Acts

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.