Skip to content
Church.wiki
Acts

Acts 25

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då no Festus var komen til landshovding-embættet sitt, for han tri dagar etter upp til Jerusalem frå Cæsarea.Select Acts 25:1

2Øvsteprestarne og dei fyrste menner av jødarne bar då fram for honom klaga mot Paulus og kom med ei bøn til honom,Select Acts 25:2

3med di dei mot honom bad um det som ein nåde, at han skulde henta honom til Jerusalem; for dei lagde den løynrådi å slå honom i hel på vegen.Select Acts 25:3

4Men Festus svara då at Paulus var i varetekt i Cæsarea, og at han sjølv vilde fara dit snart.Select Acts 25:4

5«So kann dei av dykk,» sagde han, «som hev umbod til det fara ned saman med meg, um det er noko gale med denne mannen, og klaga på honom.»Select Acts 25:5

6Då han so hadde drygt hjå deim berre åtte eller ti dagar, for han ned til Cæsarea; dagen etter sette han seg på domstolen og baud at Paulus skulde førast fram.Select Acts 25:6

7Då han var komen, stelte dei jødarne som var komne ned frå Jerusalem, seg ikring honom og bar fram imot honom mange og tunge klagemål; men dei kunde ikkje prova deim,Select Acts 25:7

8for Paulus forsvara seg og sagde: «Korkje mot den jødiske lov eller mot templet eller mot keisaren hev eg synda noko.»Select Acts 25:8

9Men då Festus vilde vinna seg takk av jødarne, svara han Paulus og sagde: «Er du viljug til å fara upp til Jerusalem og der få dom av meg i denne sak?»Select Acts 25:9

10Då sagde Paulus: «For keisarens domstol stend eg, og der hev eg rett til å verta dømd. Mot jødarne hev eg ingen urett gjort, so som du og vel veit.Select Acts 25:10

11Hev eg urett, og hev gjort noko som gjer meg skuldig til dauden, so bed eg meg ikkje fri for å døy. Men er det ikkje noko i det som desse klagar meg for, då kann ingen yvergjeva meg til deim berre for å gjera deim til lags. Eg skyt saki inn for keisaren.»Select Acts 25:11

12Då tala Festus med rådet sitt, og so sagde han: «For keisaren hev du skote saki inn; til keisaren skal du fara.»Select Acts 25:12

13Men då nokre dagar var lidne, kom kong Agrippa og Berenike til Cæsarea og vilde helsa på Festus.Select Acts 25:13

14Då dei hadde vore der i fleire dagar, fortalde Festus kongen um Paulus og sagde: «Her er ein mann som Feliks let bunden etter seg;Select Acts 25:14

15då eg kom til Jerusalem, kom øvsteprestarne og styresmennerne for jødarne fram med ei klaga mot honom og kravde straff yver honom.Select Acts 25:15

16Eg svara deim at det ikkje er sedvane hjå romarane at dei for å gjera folk til lags yvergjev noko menneskje til dauden; men den som klaga gjeld, lyt fyrst standa åsyn til åsyn med klagarane sine og få høve til å forsvara seg mot klagemålet.Select Acts 25:16

17Då dei so var komne saman her, drygde eg ikkje ut saki, men sette meg dagen etter på domstolen og baud at mannen skulde førast fram.Select Acts 25:17

18Då no klagarane stod ikring honom, bar dei ikkje fram noko klagemål slikt som eg hadde tenkt meg.Select Acts 25:18

19Men dei hadde nokre kivsmål med honom um deira eigi gudsdyrking og um ein Jesus som var daud, men som Paulus sagde var livande.Select Acts 25:19

20Då eg stod rådlaus med ransakingi av dette, spurde eg um han vilde fara til Jerusalem og der få dom i saki.Select Acts 25:20

21Men då Paulus innanka saki og vilde vera i varetekt til keisaren felte domen, baud eg at han skulde verta halden i varetekt til dess eg fær sendt honom til keisaren.»Select Acts 25:21

22Agrippa sagde til Festus: «Eg vilde og gjerne høyra den mannen.» Han svara: «I morgon skal du få høyra honom.»Select Acts 25:22

23Dagen etter kom so Agrippa og Berenike med stor stas og gjekk inn i salen saman med dei øvste hovudsmennerne og dei gjævastee menner i byen, og etter påbod av Festus vart Paulus førd fram.Select Acts 25:23

24Då segjer Festus: «Kong Agrippa og alle de menner som her er saman med oss, her ser de honom som heile hopen av jødarne både i Jerusalem og her bad meg um, og ropa at han ikkje lenger måtte få liva.Select Acts 25:24

25Men då eg fann at han ikkje hadde gjort noko som gjorde honom skuldig til dauden, og han sjølv og skaut saki inn for keisaren, so tok eg den avgjerdi å senda honom dit.Select Acts 25:25

26Noko visst hev eg ikkje å skriva til herren um honom; difor førde eg honom fram for dykk og serleg for deg, kong Agrippa, so eg, når forhøyr er halde, kann hava noko å skriva.Select Acts 25:26

27For eg tykkjer det er meiningslaust når eg sender ein fange, at eg ikkje kann segja frå um klagemåli mot honom.»Select Acts 25:27

Next: Acts 26Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Acts

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.