Skip to content
Church.wiki
Acts

Acts 6

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1I desse dagarne, då talet på læresveinarne voks, murra dei græsktalande jøderne imot hebræarane, at deira enkjor vart mishaldne ved den daglege forsyting.Select Acts 6:1

2Då kalla dei tolv heile mengdi av læresveinarne saman og sagde: «Det er ikkje høvelegt at me skal forlata Guds ord og tena ved bordi.Select Acts 6:2

3Difor, brør, sjå dykk um etter sju menner millom dykk, som hev godt lov og er fulle av den Heilage Ande og visdom, so me kann setja deim til dette umbodet!Select Acts 6:3

4Men me vil halda trutt ved i bøni og i tenesta med ordet.»Select Acts 6:4

5Dette ordet lika heile mengdi vel, og dei valde Stefanus, ein mann full av tru og den Heilage Ande, og Filip og Prokorus og Nikanor og Timon og Parmenas og Nikolaus, ein jødetruande frå Antiokia;Select Acts 6:5

6og stelte deim fram for apostlarne, og dei bad og lagde henderne på deim.Select Acts 6:6

7Og Guds ord hadde framgang, og talet på læresveinarne voks mykje i Jerusalem, og ein stor hop av prestarne vart lyduge mot trui.Select Acts 6:7

8Men Stefanus var full av tru og kraft og gjorde under og store teikn millom folket.Select Acts 6:8

9Men der stod upp nokre av den synagoga som er kalla synagoga åt dei frigjevne og kyrenæarane og alexandrinarne, og av deim frå Kilikia og Asia, og dei gav seg i ordskifte med Stefanus.Select Acts 6:9

10Og dei kunde ikkje standa seg mot den visdom og ånd han tala utav.Select Acts 6:10

11Då tinga dei løynleg nokre menner som sagde: «Me hev høyrt honom tala spottande ord imot Moses og Gud.»Select Acts 6:11

12Og dei øste upp folket og styresmennerne og dei skriftlærde, og dei sette på honom og reiv honom med og førde honom for rådet.Select Acts 6:12

13Og dei stelte fram falske vitne, som sagde: «Denne mannen held ikkje upp med å tala mot denne heilage staden og mot lovi.Select Acts 6:13

14For me hev høyrt honom segja at denne Jesus frå Nasaret skal riva ned denne staden og brigda dei sedvanar som Moses gav oss.»Select Acts 6:14

15Og då alle deim som sat i rådet, stirde på honom, såg dei åsyni hans som ein engels åsyn.Select Acts 6:15

Next: Acts 7Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Acts

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.