Acts 9
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Men Saulus frøste endå av trugsmål og mord mot Herrens læresveinar, og han gjekk til øvsteprestenSelect Acts 9:1
2og bad honom um brev til Damaskus, til synagogorne der, at um han fann nokre som høyrde «den vegen» til, både menner og kvinnor, han då kunde føra deim bundne til Jerusalem.Select Acts 9:2
3Men då han drog fram og kom nær til Damaskus, lyste det brått eit ljos frå himmelen um honom.Select Acts 9:3
4Og han fall ned på jordi og høyrde ei røyst som sagde til honom: «Saul, Saul, kvi forfylgjer du meg?»Select Acts 9:4
5Han sagde: «Kven er du, Herre?» Og han svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer.Select Acts 9:5
6Men statt upp og gakk inn i byen, so skal det verta sagt deg kva du hev å gjera.»Select Acts 9:6
7Men dei menner som var i ferdalag med honom, stod forstøkte då dei høyrde røysti, men såg ingen.Select Acts 9:7
8Saulus reiste seg då upp frå jordi; men då han opna augo, såg han ingen ting. Dei leidde honom då ved handi og førde honom inn i Damaskus.Select Acts 9:8
9Og i tri dagar såg han ikkje, og ikkje åt eller drakk han.Select Acts 9:9
10Men det var ein læresvein i Damaskus med namnet Ananias, og til honom sagde Herren i ei syn: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre!»Select Acts 9:10
11Og Herren sagde til honom: «Statt upp og gakk til den gata, som er kalla den beine, og spør i Judas’ hus etter ein mann frå Tarsus, med namnet Saulus; for sjå, han bed,Select Acts 9:11
12og han hev i ei syn set ein mann med namnet Ananias, som kom og lagde handi på honom, so han skulde få syni att.»Select Acts 9:12
13Men Ananias svara: «Herre, eg hev høyrt av mange um denne mannen, kor mykje vondt han hev gjort mot dine heilage i Jerusalem.Select Acts 9:13
14Og her hev han fullmagt frå øvsteprestarne til å binda alle deim som kallar på ditt namn.»Select Acts 9:14
15Men Herren sagde til honom: «Gakk du! for han er meg ein utvald reidskap til å bera mitt namn fram for heidningar og kongar og Israels born.Select Acts 9:15
16For eg vil syna honom kor mykje han skal lida for mitt namn skuld.»Select Acts 9:16
17So gjekk Ananias burt og kom inn i huset og lagde henderne på honom og sagde: «Saul, bror! Herren hev sendt meg, Jesus, han som synte seg for deg på vegen der du kom, so du skal få syni att og verta fyllt med den Heilage Ande.»Select Acts 9:17
18Og straks fall det liksom flas frå augo hans, og han fekk syni att med det same, og han stod upp og vart døypt,Select Acts 9:18
19og han tok føda og styrkte seg. So vart han verande nokre dagar hjå læresveinarne i Damaskus.Select Acts 9:19
20Og straks forkynte han Jesus i synagogorne, at han er Guds Son.Select Acts 9:20
21Og alle dei som høyrde det, vart reint frå seg av undring og sagde: «Er ikkje dette han som i Jerusalem rudde ut deim som påkallar dette namnet? og han var komen hit til å føra deim bundne til øvsteprestarne!»Select Acts 9:21
22Men Saulus vart enn sterkare, og han målbatt jødarne som budde i Damaskus, med di han synte at denne er Messias.Select Acts 9:22
23Men då mange dagar var lidne, samrådde jødarne seg um å slå honom i hel.Select Acts 9:23
24Men rådgjerdi deira vart kunnig for Saulus. Dei vakta og portarne både dag og natt for å slå honom i hel.Select Acts 9:24
25Men læresveinarne tok honom um natti og slepte honom ut igjenom muren, med di dei let honom ned i ei korg.Select Acts 9:25
26Då han no kom til Jerusalem, prøvde han å halda seg til læresveinarne, og alle var rædde honom, av di dei ikkje trudde at han var ein læresvein.Select Acts 9:26
27Men Barnabas tok og førde honom til apostlarne, og han fortalde deim korleis han såg Herren på vegen, og at han tala til honom, og korleis han i Damaskus lærde frimodig i Jesu namn.Select Acts 9:27
28So gjekk han då inn og ut med deim i Jerusalem og lærde frimodig i Herrens namn,Select Acts 9:28
29og han tala med dei græsktalande jødarne og gav seg i ordskifte med deim. Dei lagde seg då etter å slå honom i hel.Select Acts 9:29
30Men då brørne fekk vita det, førde dei honom ned til Cæsarea og sende honom derifrå til Tarsus.Select Acts 9:30
31So hadde då kyrkjelyden fred yver heile Judæa og Galilæa og Samaria, og han uppbygde seg og ferdast i otte for Herren og voks ved tilstyrkjing av den Heilage Ande.Select Acts 9:31
32Og det hende seg, då Peter for ikring alle stader, at han og kom til dei heilage som budde i Lydda.Select Acts 9:32
33Men der fann han ein mann med namnet Æneas, som i åtte år hadde lege sengfast og var lam.Select Acts 9:33
34Og Peter sagde til honom: «Æneas! Jesus Kristus lækjar deg; statt upp og reid upp sengi di sjølv!» Og straks stod han upp.Select Acts 9:34
35Og dei såg honom, alle dei som budde i Lydda og Saron; og dei vende um til Herren.Select Acts 9:35
36I Joppe var det ei læresyster med namnet Tabita, som er utlagt: Dorkas. Ho var rik på gode gjerningar og sælebotsgåvor som ho gav.Select Acts 9:36
37Men det hende seg i dei dagarne, at ho vart sjuk og døydde. Dei vaska henne då og lagde henne på ein sal.Select Acts 9:37
38Og då Lydda ligg nær ved Joppe, og læresveinarne hadde høyrt at Peter var der, sende dei tvo menner til honom og bad: «Ver ikkje leid um du lyt fara hit til oss!»Select Acts 9:38
39Peter stod upp og vart med deim; og då han kom dit, førde dei honom uppå salen. Og alle enkjorne stod ikring honom og gret og synte fram dei kjolar og klædningar som Tabita hadde gjort medan ho var hjå deim.Select Acts 9:39
40Men Peter let deim alle ganga ut, og fall på kne og bad; og han vende seg til liket og sagde: «Tabita, statt upp!» Og ho opna augo sine, og då ho såg Peter, sette ho seg upp.Select Acts 9:40
41Og han gav henne handi og reiste henne upp og ropa på dei heilage og enkjorne og stelte henne fram livande.Select Acts 9:41
42Dette vart kunnigt yver heile Joppe, og mange kom til tru på Herren.Select Acts 9:42
43So vart det til det at han vart verande mange dagar i Joppe hjå ein som heitte Simon, ein garvar.Select Acts 9:43
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain