1 Samuel 13
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Saul hadde vore konge eitt år. Andre året han var konge yver Israel,Select 1 Samuel 13:1
2valde han seg ut or Israel tri tusund mann. Av desse hadde Saul hjå seg tvo tusund i Mikmas og i Betelsfjellbygdii, og eitt tusund hadde Jonatan med seg i Gibea i Benjamin. Resten av krigsfolket sende han heim kvar til seg.Select 1 Samuel 13:2
3Jonatan slo i hel filistarvakti i Gibea, og filistarane høyrde gjete det. Men Saul let blåsa i lur yver heile landet og sagde: «Hebræarane må høyra det.»Select 1 Samuel 13:3
4Heile Israel fekk høyra at Saul hadde slege i hel filistarvakti, og at Israel hadde fenge uord på seg hjå filistarane for det same. Folket vart då utbode til å fylgja Saul til Gilgal.Select 1 Samuel 13:4
5Filistarane stemnde saman til krig mot Israel, tri tusund vogner og seks tusund hestfolk, og fotfolk so mange som sanden på havsens strand. Dei drog upp og lægra seg ved Mikmas austanfor Bet-Aven.Select 1 Samuel 13:5
6Då Israels-mennerne såg dei var komne i knipa, av di filistarane trengde på, so for folket av og løynde seg i hellerar, i klungerkjørr, i gil, i kjellarar og brunnar.Select 1 Samuel 13:6
7Og hebræararne hadde fare yver Jordan, til Gadslandet og Gileadslandet. Saul var endå i Gilgal, og heile folket fylgde honom skjelvande.Select 1 Samuel 13:7
8Han drygde sju dagar, til den tid Samuel hadde fastsett. Men då Samuel endå ikkje var komen til Gilgal, og då folket tok til å spreida seg og ganga frå honom,Select 1 Samuel 13:8
9sagde Saul: «Kom hit til meg med brennofferet og takkofferet!» Og so bar han fram brennofferet.Select 1 Samuel 13:9
10Nett med same han det hadde gjort, då kom Samuel. Saul møtte honom og vilde helsa honom.Select 1 Samuel 13:10
11Men Samuel sagde: «Kva er det du hev gjort?» Saul svara: «Då eg såg folket tok til å spreida seg og ganga frå meg, og du ikkje var komen til fastsett tid, og filistarane hadde samla seg i Mikmas,Select 1 Samuel 13:11
12so tenkte eg: «No kjem filistarane yver meg i Gilgal, og eg hev endå ikkje blidka Herren.» So våga eg meg til å bera fram brennofferet.»Select 1 Samuel 13:12
13Samuel sagde til Saul: «Du var uvisleg gjort av deg. Hadde du agta på bodet frå Herren, din Gud, som han baud deg, so vilde Herren no ha grunnfest kongedømet ditt til æveleg tid.Select 1 Samuel 13:13
14Men no vil kongedømet ditt ikkje standa seg. Herren hev valt seg ut ein mann etter sin hug; og Herren hev etla honom til fyrste yver folket sitt, av di du ikkje agta på det Herren baud deg.»Select 1 Samuel 13:14
15Samuel reis upp og for heim frå Gilgal upp til Benjamins Gibea. Saul mynstra krigsfolket som var hjå honom; um lag seks hundrad mann.Select 1 Samuel 13:15
16Saul og Jonatan heldt seg i Geba i Benjamin med det folket som var att hjå deim, og filistarane låg i læger i Mikmas.Select 1 Samuel 13:16
17Frå filistarlægret sende dei ut røvarflokkar i tri hopar; eine hopen tok vegen til Ofra i Sualslandet,Select 1 Samuel 13:17
18andre hopen tok vegen til Bet-Horon, og tridje hopen tok vegen til kverven som hallar ned imot Sebojimsdalen, burtimot øydemarki.Select 1 Samuel 13:18
19Det fanst ingen smed i heile Israelslandet; for filistarane hadde vore rædde at hebræarane skulde smida sverd eller spjot.Select 1 Samuel 13:19
20Og so laut kvar einast israelit ned til filistarane og få kvest både plogjarn og grev og øksar og ristlar,Select 1 Samuel 13:20
21so snart eggjarne vart skjemde på plogjarni, eller grevi, eller greiparne, eller øksarne, eller når dei turvte vøla på oksebroddarne.Select 1 Samuel 13:21
22Av dette hadde det seg so at då slaget skulde standa, hadde ingen av mennerne åt Saul og Jonatan sverd eller spjot. Einast Saul og Jonatan, son hans hadde våpn.Select 1 Samuel 13:22
23Filistarane sette fram ein utpost i Mikmasskardet.Select 1 Samuel 13:23
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain