Skip to content
Church.wiki
1 Samuel

1 Samuel 15

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Samuel sagde til Saul: «Det var meg Herren sende til å salva deg til konge yver Israel, folket sitt. So lyd no Herrens ord!Select 1 Samuel 15:1

2So hev Herren, allhers drott, sagt: «Eg vil hemna det Amalek gjorde mot Israel med di han lagde seg i vegen for deim då dei drog upp frå Egyptarland.Select 1 Samuel 15:2

3Gakk no ut og vinn yver amalekitarne! Du skal bannstøytte deim og alt det dei eig. Du skal ikkje tykkja synd i deim, men drepa både kar og kvende, småborn og sogborn, bu og smale, kamelar og asen.»»Select 1 Samuel 15:3

4So baud Saul ut herfolket og mynstra deim i Telajim; tvo hundrad tusund mann fotfolk og dessutan ti tusund mann frå Juda.Select 1 Samuel 15:4

5Då Saul kom til Amalekbyen, sette han umsåtmenner i dalen.Select 1 Samuel 15:5

6Saul sagde til kenitarne: «Kom, skil dykk ut! Far undan frå amalekitarne, so eg ikkje skal gjera ende på dykk samstundes med deim! De synte då godhug mot alle Israels-borni då dei drog upp frå Egyptarlandet.» Då skilde kenitarne seg frå amalekitarne.Select 1 Samuel 15:6

7Saul vann yver amalekitarne og forfylgde deim frå Havila til fram imot Sur, som ligg austan for Egyptarland.Select 1 Samuel 15:7

8Han tok Agag, amalekitarkongen, livande til fange; og alt folket bannstøytte han og hogg deim ned.Select 1 Samuel 15:8

9Men Saul og folket sparde Agag og det beste og det næstbeste av smalen og bufeet og lambi, alt som hadde verde; sovore vilde dei ikkje bannstøyta. Men alt skrapfeet og alle skrantne dyr, deim bannstøytte dei.Select 1 Samuel 15:9

10Herrens ord kom til Samuel:Select 1 Samuel 15:10

11«Eg angrar at eg gjorde Saul til konge! Han hev vendt seg burt frå meg og ikkje gjort det eg sette honom til.» Då harmast Samuel, og han ropa til Herren heile natti.Select 1 Samuel 15:11

12Då Samuel reis upp tidleg um morgonen og gjekk til møtes med Saul, fekk han høyre gjete: «Saul hev fare til Karmel og reist seg eit æreminne der; so hev han snutt heim att og fare ned att til Gilgal.»Select 1 Samuel 15:12

13Då Samuel kom til Saul, sagde Saul til honom: «Velsigna vere du av Herren! No hev eg gjort det Herren sette meg til.»Select 1 Samuel 15:13

14Samuel svara: «Kva er det for bræking som læt for øyro mine? Kva er det for rauting eg høyrer?»Select 1 Samuel 15:14

15Saul sagde: «Frå amalekitarne hev dei ført deim hit. Folket sparde det beste av bufe og smale til slagtoffer åt Herren, din Gud. Resten bannstøytte me.»Select 1 Samuel 15:15

16Samuel sagde til Saul: «Teg still! so vil eg kunngjera deg kva Herren hev sagt meg i natt.» Han sagde til honom: «Seg det!»Select 1 Samuel 15:16

17Samuel sagde: «Du veit du vart hovding yver Israels-ætterne, då du tyktest deg sjølv ring. For Herren salva deg til konge yver Israel.Select 1 Samuel 15:17

18Og Herren sende deg av stad og sagde: «Gakk og bannstøyt desse syndarar amalekitarne! Før krig mot deim, til dess du hev tynt deim!»Select 1 Samuel 15:18

19Kvifor lydde du ikkje Herren, men kasta deg yver herfanget og gjorde det som Herren mislikar?»Select 1 Samuel 15:19

20Saul svara Samuel: «Eg hev lydt Herren og gjenge vegen Herren sende meg. Eg hev ført Agag, amalekitarkongen, hit, og amalekitarne hev eg bannstøytt.Select 1 Samuel 15:20

21Men folket tok av herfanget bufe og smale, det beste av det bannstøytte, til offer for Herren, din Gud, i Gilgal.»Select 1 Samuel 15:21

22Då sagde Samuel: «Meiner du Herren hev hugnad i brennoffer og slagtoffer likso mykje som i lydnad mot Herren? Nei, lydnad er betre enn likaste offeret, ope øyra betre enn feitaste veren.Select 1 Samuel 15:22

23Trass er trollskap, einvisa er som avgudar og husgudar. Av di du vanda Herrens ord, hev han vanda deg, so du vert ikkje kanna konge lenger.»Select 1 Samuel 15:23

24Saul sagde til Samuel: «Eg hev synda med di eg hev gjorde tvert imot det Herren baud meg og du tala til meg. Folket var eg rædd og gjorde deim til viljes.Select 1 Samuel 15:24

25Men tilgjev no det eg hev synda! Ver med meg heim, so eg kann bøygja kne for Herren!»Select 1 Samuel 15:25

26Samuel sagde til Saul: «Eg vil ikkje vera med deg heim. Av di du hev vanda Herrens ord, hev Herren vanda deg, so du skal ikkje vera konge yver Israel.»Select 1 Samuel 15:26

27Då no Samuel snudde seg og vilde ganga, tok han tak i snippen på kappa hans, og reiv honom av.Select 1 Samuel 15:27

28Då sagde Samuel til honom: «Herren hev i dag rive kongedømet yver Israel frå deg og gjeve det åt ein annan som er betre enn du.Select 1 Samuel 15:28

29Israels heider lyg ikkje og angrar ikkje. For ikkje eit menneskje er han, so han skulde angra.»Select 1 Samuel 15:29

30Han svara: «Eg hev synda. Men syn meg no den æra framfor dei øvste i folket mitt og heile Israel, at du er med meg heim, so eg kann bøygja kne for Herren, din Gud.»Select 1 Samuel 15:30

31So fylgde Samuel med Saul, og Saul bøygde på kne for Herren.Select 1 Samuel 15:31

32Samuel sagde: «Før hit til meg Agag, amalekitarkongen!» Då gjekk Agag fram til honom med lystig hug, med di han sagde: «Visst er det beiske i dauden burte!»Select 1 Samuel 15:32

33Men Samuel sagde: «Liksom ditt sverd hev gjort kvinnor barnlause, soleis skal di mor verta barnlaus meir enn andre kvinnor.» Og Samuel gav Agag banehogg framfor Herren i Gilgal.Select 1 Samuel 15:33

34Samuel gjekk til Rama, og Saul for heim att til Sauls Gibea.Select 1 Samuel 15:34

35Samuel vilde ikkje sjå Saul meir so lenge han livde. For Samuel syrgde yver Saul, av di Herren angra han hadde gjort Saul til konge yver Israel.Select 1 Samuel 15:35

Next: 1 Samuel 16Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

1 Samuel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.