1 Samuel 21
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1David kom til presten Ahimelek i Nob. Ahimelek vart forstøkt då han fekk sjå David, og spurde: «Kvifor kjem du eismall og hev inkje folk med deg?»Select 1 Samuel 21:1
2David svara presten Ahimelek: «Kongen hev gjeve meg ei ærend, og han sagde med meg: «Ingen må vita noko um ærendi eg sender deg i og legg på deg.» Og sveinarne mine hev eg varsla å møta meg der dei veit.Select 1 Samuel 21:2
3Gjev meg no det du hev for handi, fem brød, eller kva som finst!»Select 1 Samuel 21:3
4Presten svara David: «Uvigt brød hev eg ikkje for handi; einast heilagt brød er her; berre sveinarne dine hev halde seg burte frå kvinnor.»Select 1 Samuel 21:4
5David svara presten: «Ver trygg! kvinnor hev vore langt burte frå oss alt sidan fyrre dagen. Då eg drog av stad, hadde sveinarne mine helgar-likamar. Um ferdi vår er kvardagsleg, so er ho då helga ved likamen i dag.»Select 1 Samuel 21:5
6So gav presten honom heilagt brød; det fanst ikkje anna brød enn skodebrødi som hadde lege framfor Herren, og som no var burttekne att, då nytt brød var framlagt same dagen det gamle vart burtteke.Select 1 Samuel 21:6
7Den dagen var det ein av Sauls tenarar der, som heldt seg inne framfor Herren, ein edomit, heitte Doeg, som var Sauls yverhyrding.Select 1 Samuel 21:7
8David spurde Ahimelek: «Hev du ikkje noko spjot eller sverd her hjå deg? Korkje sverdet mitt eller dei hine våpni tok eg med meg, då kongsærendi kom so brått på.»Select 1 Samuel 21:8
9Presten svara: «Jau, det sverdet som filistaren Goliat åtte, han som du felte i Eikedalen; det ligg sveipt i ei kappa attum messehakelen. Vil du hava det, so tak det! Noko anna hev eg ikkje.» «Det finst ikkje maken til det,» sagde David; «gjev meg det!»Select 1 Samuel 21:9
10David drog av og rømde same dagen for Saul, og kom til Akis, kongen i Gat.Select 1 Samuel 21:10
11Tenarane åt Akis sagde: «Er ikkje dette David, kongen i landet? Er det ikkje til æra for honom dei syng so når dei dansar: Tusund tynte Saul, David tie tusund?»Select 1 Samuel 21:11
12David lagde desse ordi på minne, og vart mykje rædd for Akis, kongen i Gat.Select 1 Samuel 21:12
13Difor lest han som han var galen, og tedde seg som ein dåre, då dei vilde taka fat på honom; han rita på dørarne i porten, og let siklet renna i skjegget.Select 1 Samuel 21:13
14Då sagde Akis med tenarane sine: «De ser då mannen hev mist vitet! Kvi fører de honom til meg?Select 1 Samuel 21:14
15Vantar det meg på vitløysor, sidan de førar denne mannen hit, so han skal te seg galen framfor meg? Kva hev han å gjera her i huset?»Select 1 Samuel 21:15
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain