Skip to content
Church.wiki
1 Samuel

1 Samuel 31

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Filistarane gjekk på i striden mot Israel. Israels-mennerne rømde undan for filistarane, og det låg mange falne på Gilboafjellet.Select 1 Samuel 31:1

2Filistarane sette etter Saul og sønerne hans. Og filistarane felte Jonatan, Abinadab og Malkisua, Sauls-sønerne.Select 1 Samuel 31:2

3Saul sjølv kom upp i ein hard strid. Og nokre bogeskyttarar råka innpå honom. Saul vreid seg i rædsla for skyttarane.Select 1 Samuel 31:3

4Og han baud våpnsveinen sin: «Drag sverdet ditt, og støyt det gjenom meg, so ikkje desse u-umskorne skal koma og drepa meg, og skamfara meg!» Men våpnsveinen vilde ikkje; han var altfor rædd. Då tok Saul sverdet sjølv og stupte seg på det.Select 1 Samuel 31:4

5Då våpnsveinen såg Saul var dåen, stupte han seg ogso på sitt sverd og fylgde honom i dauden.Select 1 Samuel 31:5

6Den dagen fall dei alle i hop, Saul og dei tri sønerne hans og våpnsveinen, og sameleis alle mennerne hans.Select 1 Samuel 31:6

7Og då Israels-mennerne på hi sida dalen og på hi sida Jordan gådde at Israels-mennerne hadde rømt, og at Saul og sønerne hans var falne, so rømde dei ut or byarne sine; og filistarane kom og busette seg der.Select 1 Samuel 31:7

8Dagen etter kom filistarane og plundra liki. Dei fann Saul og dei tri sønerne hans liggjande på Gilboafjellet.Select 1 Samuel 31:8

9Dei hogg hovudet av honom, og rana våpni hans og sende rundt i Filistarlandet, og let forkynna fagnadbodet i templi åt avgudarne sine og millom folket.Select 1 Samuel 31:9

10Dei lagde våpni hans i Astarte-templet; og liket hans hengde dei upp på bymuren i Bet-San.Select 1 Samuel 31:10

11Då folket i Jabes i Gilead høyrde gjete det filistarane hadde gjort med Saul,Select 1 Samuel 31:11

12tok dei i veg, alle våpnføre karar, gjekk heile natti, tok ned frå muren i Bet-San Sauls lik og liki av sønerne hans, for so til Jabes og brende liki der.Select 1 Samuel 31:12

13So tok dei og grov beini deira ned under tamariska i Jabes og heldt fasta i sju dagar.Select 1 Samuel 31:13

Next: 2 Samuel 1Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

1 Samuel

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.