2 Samuel 20
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1No var det der ei uvyrda ved namn Seba Bikrison, ein benjaminit. Han bles i luren og ropa: «Me hev ingen lut i David og ingen arvlut i Isaisonen. Heim att kvar til seg, Israels menner!»Select 2 Samuel 20:1
2Alle Israels-mennerne gjekk då frå David og fylgde Seba Bikrison. Men Juda-mennerne heldt fast ved kongen sin, og fylgde honom frå Jordan heilt til Jerusalem.Select 2 Samuel 20:2
3So kom då David til kongsgarden sin i Jerusalem. Kongen tok då dei ti fylgjekonorne som han hadde late etter seg til å vakta kongsgarden og sette deim under vakt i eit hus for seg sjølve. Han gav deim upphelde; men han heldt seg ikkje med deim. Der budde dei no innestengde til sin døyande dag og livde som enkjor alle sine dagar.Select 2 Samuel 20:3
4Kongen baud Amasa: «Bjod ut Juda-herfolket åt meg og møt fram med deim innan tri dagar!»Select 2 Samuel 20:4
5Amasa gjekk og baud ut Juda. Men han drygde utyver den fresten han hadde fenge.Select 2 Samuel 20:5
6Då sagde David til Abisai: «No kjem Seba Bikrison til å gjera oss meir ilt enn Absalom. Tak du tenarane åt herren din! Set etter honom fyrr han fær hertaka nokor borg og gjera oss for mykje sut!»Select 2 Samuel 20:6
7Joabs-mennerne drog då av stad etter honom med livvakti og alt stridsfolket. Dei drog ut frå Jerusalem og sette etter Seba Bikrison.Select 2 Samuel 20:7
8Då dei hadde nått til den store steinen ved Gibeon, møtte dei Amasa med sine hermenner. Joab var klædd i våpnkjole som han var van, med belte um livet og sverd i slira. Då han gjekk fram, datt sverdet ut.Select 2 Samuel 20:8
9Joab spurde Amasa: «Kor stend det til med deg, bror?» og tok med høgre handi Amasa i skjegget og vilde kyssa honom.Select 2 Samuel 20:9
10Amasa vara seg ikkje for sverdet som Joab hadde i hi handi. Dermed gav han honom ein støyt i livet, so innvolarne rann ut på marki. Og han døydde på flekken, berre av det. Joab og Abisai, bror hans, heldt fram og forfylgde Seba Bikrison.Select 2 Samuel 20:10
11Ein av tenarane åt Joab stod der attmed og ropa: «Alle som likar Joab og held med David, fylgje etter Joab!»Select 2 Samuel 20:11
12Men då mannen såg at alle stogga attmed Amasa, der som han låg midt i vegen kring-velt i sitt eige blod, skuva han liket undan og kasta ei kappa yver; for han såg kor alle stogga når dei kom dit.Select 2 Samuel 20:12
13Og då liket var teke or vegen, drog alle framum og fylgde Joab og elte Seba Bikrison.Select 2 Samuel 20:13
14Han hadde i millomtidi fare igjenom alle ætterne i Israel til Abel og Bet-Ma’aka, og kasta seg inn i byen. Og folki hans stemnde i hop og fylgde honom dit inn.Select 2 Samuel 20:14
15Dei hine kom og kringsette honom der i Abel Bet-Ma’aka og kasta upp ein voll mot byen innimot ytremuren. Alt folket åt Joab stræva med å få muren til å falla, og riva honom ned.Select 2 Samuel 20:15
16Då ropa ei klok kona frå byen: «Høyr her! Seg Joab han kjem hit, so eg fær tala med honom!»Select 2 Samuel 20:16
17Då han kom fram til kona, spurde ho: «Er du Joab?» Han svara ja. Ho sagde: «Høyr det tenestkvinna di segjer!» Han svara: «Ja vel.»Select 2 Samuel 20:17
18Då sagde ho: «Fyrr i tidi pla dei segja: «I Abel skal ein spyrja etter råd;» so kunde ein gjera det ein etla seg til.Select 2 Samuel 20:18
19Eg er den fredsamaste og trugnaste i heile Israel. Du freistar øyda ein by som er ei mor i Israel! Kvifor vil du øydeleggja Herrens eige folk?»Select 2 Samuel 20:19
20Joab svara: «Aldri i verdi vil eg øydeleggja og tyna.Select 2 Samuel 20:20
21Det hev seg ikkje so. Men ein mann frå Efraims fjellbygd - Seba Bikrison heiter han - hev reist seg mot kong David. Gjev honom yver til oss, so dreg eg burt frå byen.» Kona svara Joab: «Hovudet hans skal verta utkasta til deg yver muren.»Select 2 Samuel 20:21
22Kona kom då til byfolket med si kloke råd. Dei hogg hovudet av Seba Bikrison og kasta det ut til Joab. Då bles han i luren, at herfolket skulde draga burt. Og dei for kvar til seg. Joab snudde heim att til kongen i Jerusalem.Select 2 Samuel 20:22
23Joab var no øvste herhovding yver heile krigsheren i Israel. Og Benaja Jojadason var hovding yver livvakti.Select 2 Samuel 20:23
24Adoram hadde uppsyn med pliktarbeidet for kongen. Josafat Ahiludsson var kanslar.Select 2 Samuel 20:24
25Seja var riksskrivar. Sadok og Abjatar var prestar.Select 2 Samuel 20:25
26Dessutan var Ira av Ja’irs-ætti prest hjå David.Select 2 Samuel 20:26
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain