2 Samuel 22
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1David kvad dette kvædet åt Herren då Herren hadde frelst honom frå alle uvenerne sine, og frå Saul:Select 2 Samuel 22:1
2«Herren er mitt berg og mi festning og min frelsar.Select 2 Samuel 22:2
3Gud er mitt berg som eg flyr til! Min skjold og mitt frelseshorn Mi høge borg! mi livd! Frelsaren min som friar meg ifrå vald!Select 2 Samuel 22:3
4Eg kallar på Herren, den høglova: Frå fiendarne mine frelsar han meg.Select 2 Samuel 22:4
5Daudens brot og brand kringsette meg. Straumar av vondskap skræmde meg.Select 2 Samuel 22:5
6Helheims reip var snørde ikring meg. Daudsens snaror fanga meg.Select 2 Samuel 22:6
7Men Herren kalla eg på i mi trengsla, eg ropa til min Gud. Han høyrde frå templet sitt røysti mi, mitt rop rakk fram til øyro hans.Select 2 Samuel 22:7
8Jordi skok seg og skalv, himmelens grunnvollar dirra, Dei skok seg, for harmen hans loga upp:Select 2 Samuel 22:8
9Røyk steig upp frå nasen hans, eld frå munnen hans åt ikring seg, gloande kol loga frå honom.Select 2 Samuel 22:9
10Han lægde himmelen og steig ned, med kolmyrker under føterne sine.Select 2 Samuel 22:10
11Han for fram på kerub og flaug og sveiv på vengjerne åt vinden.Select 2 Samuel 22:11
12Myrkret gjorde han til åklæde kring seg, tjeldet hans var myrke vatn, tjukke skyer.Select 2 Samuel 22:12
13Frå glansen fyre andlitet hans brann gloande kol.Select 2 Samuel 22:13
14Herren tora i himmelen, den Høgste let høyra si røyst:Select 2 Samuel 22:14
15Pilerne sine skaut han og spreidde deim, eldingar sende han og fortulla deim.Select 2 Samuel 22:15
16Djupålarne i havet kom upp i dagen, grunnvollarne i jordi vart berrsynte ved Herrens trugsmål, ved andepusten frå hans nase.Select 2 Samuel 22:16
17Han rette ut handi frå høgdi og greip meg, han drog meg upp or store vatn.Select 2 Samuel 22:17
18Han frelste meg frå min megtige fiende, frå uvenern’ mine, dei var meg for sterke.Select 2 Samuel 22:18
19Dei for imot meg på motgangsdagen; men Herren vart studnaden min.Select 2 Samuel 22:19
20Han førde meg ut i vidt rom. Han frelste meg, for han hadde hugnad i meg.Select 2 Samuel 22:20
21Herren gjorde med meg etter rettferdi mi, han lønte meg etter reinleiken i henderne mine.Select 2 Samuel 22:21
22For eg tok vare på Herrens vegar, fall ikkje i vondskap frå min Gud.Select 2 Samuel 22:22
23Nei, alle hans rettar hadde eg for auga, bodordi hans veik eg ikkje ifrå.Select 2 Samuel 22:23
24So var eg ulastande for honom og tok meg i vare for mi synd.Select 2 Samuel 22:24
25Og Herren lønte meg etter mi rettferd, etter reinleiken min for hans augo.Select 2 Samuel 22:25
26Mot den godlyndte syner du deg godlyndt, mot ulastande kjempa ulastande.Select 2 Samuel 22:26
27Mot den reine syner du deg rein, mot den rangsnudde syner du deg rang.Select 2 Samuel 22:27
28For du frelsar arme folk, men augo dine er mot dei ovmodige til å tvinga deim ned.Select 2 Samuel 22:28
29For du er mi lampa, Herre, og Herren gjer myrkret mitt bjart.Select 2 Samuel 22:29
30Ved deg eg renner mot herflokkar, ved min Gud stormar eg murar.Select 2 Samuel 22:30
31Gud, ulastande er hans veg; Herrens ord er skirt, han er ein skjold for alle deim som flyr til honom.Select 2 Samuel 22:31
32For kven er Gud forutan Herren? Kven er eit berg utan vår Gud?Select 2 Samuel 22:32
33Gud, han som gyrder meg med kraft, og leider den ulastande på hans veg,Select 2 Samuel 22:33
34som gjev meg føter liksom hindarne, og set meg upp på høgderne mine,Select 2 Samuel 22:34
35som lærer henderne mine upp til strid, so armarne spenner koparbogen.Select 2 Samuel 22:35
36Du gav meg frelsa di til skjold, og småminkingi di ho gjorde meg stor.Select 2 Samuel 22:36
37Du gjorde rom for stigi mine, og oklo mine vagga ikkje.Select 2 Samuel 22:37
38Eg forfylgde fiendarne mine og tynte deim. Eg vende ikkje um fyrr eg fekk gjort ende på deim.Select 2 Samuel 22:38
39Eg gjorde ende på deim og slo deim i knas, so dei vann ikkje reisa seg. Dei fall under føterne mine.Select 2 Samuel 22:39
40Du gyrde meg med kraft til striden. Du bøygde motmennern’ mine under meg.Select 2 Samuel 22:40
41Fiendarne mine let du snu ryggen til meg, deim som hatar meg, rudde eg ut.Select 2 Samuel 22:41
42Dei såg seg um - men ingen frelste - til Herren, men han svara deim ikkje.Select 2 Samuel 22:42
43Eg smuldra deim som dust på jordi; som søyla på gator krasa eg deim; eg trakka deim ned.Select 2 Samuel 22:43
44Du frelste meg ut or mitt folks ufred, til hovud for heidningar vara du meg; folk som eg ikkje kjende, tente meg.Select 2 Samuel 22:44
45Ukjende folk smeikte for meg, ved gjetordet um meg lydde dei meg.Select 2 Samuel 22:45
46Ja, framandfolk visna av, gjekk skjelvande ut or borgerne sine.Select 2 Samuel 22:46
47Herren liver! lova vere han, mitt berg! Ja, upphøgd vere Gud, mitt frelse-berg,Select 2 Samuel 22:47
48Gud som gjev meg hemn, legg folkeslag under megSelect 2 Samuel 22:48
49og fører meg ut frå fiendarne mine! Ja - du som lyfter meg høgt yver motmennern’ mine og bergar meg undan frå valdsmanns hand!Select 2 Samuel 22:49
50Difor, Herre, vil eg prisa deg millom heidningarn’, og lovsyngja ditt namn.Select 2 Samuel 22:50
51For han gjer kongen sin sigersæl, gjer miskunn mot honom han salva, mot David og ætti hans til æveleg tid.»Select 2 Samuel 22:51
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain