Judges 10
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Etter Abimelek stod Tola fram, og berga Israel. Han var son åt Pua Dodoson av Issakars-ætti, og budde i Samir på Efraimsheidi.Select Judges 10:1
2Han styrde i Israel i tri og tjuge år. So døydde han og vart gravlagd i Samir.Select Judges 10:2
3Etter han stod Ja’ir frå Gilead fram, og styrde Israel i tvo og tjuge år.Select Judges 10:3
4Han hadde tretti søner; dei reid på tretti asenfolar, og åtte tretti tjeldbyar, som endå i dag vert kalla Ja’irsbyarne; dei ligg i Gileadlandet.Select Judges 10:4
5Då Ja’ir døydde, vart han gravlagd i Kamon.Select Judges 10:5
6Men Israels-borni gjorde atter det som var Herren imot, og dyrka Ba’als- og Astarte-bilæti og Arams-gudarne og Sidons-gudarne og Moabs-gudarne og ammonitargudarne og filistargudarne; dei vende seg frå Herren, og dyrka ikkje honom.Select Judges 10:6
7Då vart Herren brennande harm på Israel. Han slepte dei i henderne på filistarane og ammonitarne,Select Judges 10:7
8og dei tok same året til å trengja og trælka Israels-sønerne; i attan år trengde dei alle Israels-sønerne som budde på hi sida Jordan, i Amoritarlandet, i Gilead;Select Judges 10:8
9dei sette jamvel yver Jordan, og stridde mot Juda og Benjamin og mot Efraims-ætti, og Israel kom i stor naud.Select Judges 10:9
10Då ropa Israels-sønerne til Herren og sagde: «Me hev synda mot deg! Me hev vendt oss frå vår Gud og dyrka Ba’als-bilæti!»Select Judges 10:10
11Og Herren sagde til Israels-sønerne: «Hev eg ’kje berga dykk frå egyptarane og frå amoritarne, frå Ammons-sønerne og frå filistarane?Select Judges 10:11
12Og då sidonarane og amalekitarne og maonitarne plåga dykk, og de ropa til meg, berga eg dykk frå deim og.Select Judges 10:12
13Men de vende dykk frå meg, og dyrka andre gudar; difor vil eg ikkje hjelpa dykk meir.Select Judges 10:13
14Gakk burt og kalla på dei gudarne som de hev valt! Lat deim hjelpa dykk no de er i slik naud!»Select Judges 10:14
15Då sagde Israels-sønerne til Herren: «Me hev synda! Gjer med oss som du synest, berre du vil hjelpa oss denne gongen!»Select Judges 10:15
16So hadde dei frå seg dei framande gudarne og tente Herren; då kunde han ikkje tola å sjå på Israels naud.Select Judges 10:16
17Ammons-sønerne baud ut heren sin, og lægra seg i Gilead. Då samla Israels-sønerne seg og slo læger i Mispa.Select Judges 10:17
18Og herfolket, Gileads-fyrstarne, sagde seg imillom: «Kvar er den mannen som vil ganga fyrst i striden mot ammonitarne? Han skal vera hovding yver alle Gileads-buarne!»Select Judges 10:18
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain