Skip to content
Church.wiki
Judges

Judges 8

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Efraims-mennerne sagde til Gideon: «Korleis er det du hev bore deg imot oss! Kvi sende du ’kje bod etter oss då du tok ut i striden mot midjanitare?» Og dei tok kvast på honom.Select Judges 8:1

2Då sagde han til deim: «Kva hev eg gjort no som kann liknast med det de hev gjort? Var ’kje etterrakstren åt Efraim betre enn avlingi åt Abiezer?Select Judges 8:2

3I dykkar hender gav Gud midjanitar-hovdingarne, Oreb og Ze’eb! Og kva hev eg vunnest gjort, so eg kunde mæla meg med dykk?» Då han tala so, logna dei og var ’kje vonde på honom lenger.Select Judges 8:3

4Gideon kom til Jordan, og for yver, han og dei tri hundrad mann som var med honom, og dei var trøytte og svoltne.Select Judges 8:4

5Då sagde han til Sukkot-mennerne: «Kjære, gjev folki som fylgjer meg nokre matbitar! Dei er trøytte, og eg elter Zebah og Salmunna, Midjans-kongarne.»Select Judges 8:5

6Men hovdingarne i Sukkot sagde: «Hev du alt fenge kloi i Zebah og Salmunna, sidan me skal gjeva heren din mat?»Select Judges 8:6

7«Godt!» svara Gideon, «når Herren hev gjeve Zebah og Salmunna i henderne mine, so skal eg treskja kropparne dykkar med villtornar og tistlar.»Select Judges 8:7

8So for han upp til Penuel, og tala like eins der, og Penuels-mennerne svara honom på same vis som Sukkot-buarne hadde svara.Select Judges 8:8

9Då sagde han til deim og: «Kjem eg vel heim att, so skal eg riva ned denne borgi.»Select Judges 8:9

10Zebah og Salmunna låg i Karkor med heren sin, um lag femtan tusund mann; det var alt som var att av heile austmannheren, og hundrad og tjuge tusund våpnføre menner var falne.Select Judges 8:10

11Og Gideon for uppetter driftevegen austanfor Nobah og Jogbea og kom yver fiendeheren, med dei låg ottelause i lægret.Select Judges 8:11

12Zebah og Salmunna rømde, men han sette etter deim; han tok båe Midjans-kongarne, Zebah og Salmunna, og støkte heile heren ifrå einannan.Select Judges 8:12

13Då Gideon Joasson var komen til Solskardet, vende han heim att frå striden.Select Judges 8:13

14Han fekk tak i ein gut som høyrde heime i Sukkot, og spurde honom ut; og guten skreiv upp for honom hovdingarne og styresmennerne i Sukkot, sju og sytti mann.Select Judges 8:14

15Då han so kom til Sukkot-buarne, sagde han: «Sjå her er Zebah og Salmunna, dei som de spotta meg med då de sagde: «Hev du alt fenge kloi i Zebah og Salmunna, sidan me skal gjeva mat til dei trøytte mennerne dine?»»Select Judges 8:15

16So greip han styresmennerne i byen, og han tok villtornar og tistlar, og tukta med deim Sukkot-buarne.Select Judges 8:16

17Penuelborgi reiv han ned, og slo i hel mennerne i byen.Select Judges 8:17

18Sidan sagde han til Zebah og Salmunna: «Korleis såg dei ut, dei mennerne som de slo i hel på Tabor?» «Dei var like eins som du,» svara dei. «Kvar var som ein kongsson på skapnad».Select Judges 8:18

19«Då var det brørne mine,» sagde han, «sønerne åt mi eigi mor. So sant Herren liver: hadde de spart livet deira, skulde eg ikkje ha drepe dykk.»Select Judges 8:19

20So sagde han til Jeter, eldste son sin: «Gakk fram, og slå deim i hel!» Men guten drog ikkje sverdet sitt. Han torde ikkje; han var endå berre ein gut.Select Judges 8:20

21Då sagde Zebah og Salmunna: «Kom du og hogg oss ned! Det vil manns nerk til å gjera manns verk.» So gjekk Gideon fram, og slo Zebah og Salmunna i hel, og tok sylgjorne som kamelarne deira hadde kring halsen.Select Judges 8:21

22Og Israels-mennerne sagde til Gideon: «Du skal vera kongen vår, både du og son din og soneson din; for du hev berga oss frå midjanitarne!»Select Judges 8:22

23Men Gideon svara: «Ikkje vil eg vera kongen dykkar, og ikkje skal son min vera det; Herren skal vera kongen dykkar!»Select Judges 8:23

24Sidan sagde Gideon til deim: «Eg vil beda dykk um ein ting: at de alle vil gjeva meg dei ringarne de hev vunne i krigen!» For Midjans-mennerne gjekk med gullringar; dei var ismaelitar.Select Judges 8:24

25«Det skal du då visst få,» svara dei. So breidde dei ut ei kåpa, og på den kasta alle mann dei ringarne dei hadde vunne i krigen.Select Judges 8:25

26Då dei so vog gullringane som han hadde bede um, so var det halvonnor vog gull, umfram gullsylgjorne og øyredobborne og purpurklædi som midjanitarkongarne hadde havt på seg, og umfram lekkjorne som kamelarne deira hadde bore kring halsen.Select Judges 8:26

27Av gullet gjorde Gideon eit gudsbilæte. Det sette han upp i Ofra, heimbygdi si; heile Israel dyrka det der som ein avgud, og det vart til ulukka for Gideon og hans hus.Select Judges 8:27

28Soleis laut Midjan bøygja seg under Israel, og vann ikkje reisa hovudet meir, og sidan hadde landet ro i fyrti år, so lenge som Gideon livde.Select Judges 8:28

29So for Jerubba’al Joasson heim att til garden sin, og vart buande der.Select Judges 8:29

30Han, Gideon, hadde sytti søner, som var hans eigne born; for han hadde mange konor.Select Judges 8:30

31Med fylgjekona si i Sikem fekk han ein son, og kalla han Abimelek.Select Judges 8:31

32Gideon Joasson døydde i høg alder, og vart nedsett i gravstaden åt Joas, far sin, i Ofra, bygdi åt Abiezer-ætti.Select Judges 8:32

33Då Gideon var burte, tok Israels-sønerne atter til å halda seg med avgudarne, og gjorde Sambands-Ba’al til guden sin.Select Judges 8:33

34Israels-sønerne kom ikkje i hug Herren, sin Gud, som hadde berga deim frå alle fiendar rundt ikring;Select Judges 8:34

35og dei gjorde ikkje vel mot Jerubba’als, Gideons, ætt for alt det gode han hadde gjort Israel.Select Judges 8:35

Next: Judges 9Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Judges

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.