Zechariah 1
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1I den åttande månaden i andre styringsåret åt Darius kom Herrens ord til profeten Zakarja, son til Berekja, son til Iddo; han sagde:Select Zechariah 1:1
2Ofseleg harm var Herren på federne dykkar.Select Zechariah 1:2
3Seg difor no til deim: So segjer Herren, allhers drott: Vend um til meg, segjer Herren, allhers drott, so skal eg venda um til dykk, segjer Herren, allhers drott.Select Zechariah 1:3
4Ver ikkje like federne dykkar som dei fyrre profetarne varsla med desse ordi: «So segjer Herren, allhers drott: Vend då um frå dei vonde vegarne dykkar og dei vonde gjerningarne dykkar! Men dei høyrde ikkje og vyrde meg ikkje, segjer Herren.Select Zechariah 1:4
5Federne dykkar, kvar er dei? Og profetarne, kann dei liva til æveleg tid?Select Zechariah 1:5
6Men mine ord og mine rådgjerder, som eg baud mine tenarar, profetarne, å forkynna, råka dei ikkje federne dykkar, so dei venda um og sagde: «Som Herren, allhers drott, hadde sett seg fyre å gjera med oss etter våre vegar og våre gjerningar, so hev han gjort med oss.»Select Zechariah 1:6
7På den fire og tjugande dagen i ellevte månaden - det er månaden sebat - i andre styringsåret åt Darius, kom Herrens ord til profeten Zakarja, son til Berekja, son til Iddo, soleis:Select Zechariah 1:7
8Ei syn hadde eg um natti: Ein mann ridande på ein raud hest; han stod still millom myrtetrei i dalbotnen, og attanfor han stod raude, brune og kvite hestar.Select Zechariah 1:8
9Då spurde eg: «Kva er dette, herre?» Og engelen som tala med meg, svara: «Eg skal syna deg kva dette er.»Select Zechariah 1:9
10Mannen millom myrtetrei tok då til ords og sagde: Dette er dei som Herren hev sendt ut til å fara ikring på jordi.»Select Zechariah 1:10
11Og dei tok til ords og svara Herrens engel som stod millom myrtetrei: «Me hev fare ikring på jordi, og me hev set at heile jordi kviler i fred og ro.»Select Zechariah 1:11
12Då tok Herrens engel til ords og sagde: «Herre, allhers drott! Kor lenge vil du drygja fyrr du gjer miskunn mot Jerusalem og byarne i Juda, som du hev harmast på no i sytti år?»Select Zechariah 1:12
13Herren svara då engelen som tala med meg, med gode og trøystande ord.Select Zechariah 1:13
14Og engelen som tala med meg, sagde til meg: «Dette skal du forkynna: So segjer Herren, allhers drott: Eg er brennande ihuga for Jerusalem og Sion,Select Zechariah 1:14
15og gruveleg vreid er eg på dei sjølv-trygge heidningfolki; for eg var berre litegrand vreid; men dei auka ulukka.Select Zechariah 1:15
16Difor segjer Herren so: Eg vil atter venda meg til Jerusalem med miskunn. Huset mitt skal verta bygt der, segjer Herren, allhers drott, og mælesnor skal verta spana ut yver Jerusalem.Select Zechariah 1:16
17Framleides skal du forkynna: So segjer Herren, allhers drott: Endå ein gong skal byarne mine fløyma yver av det som godt er, endå skal Herren trøysta Sion, endå ein gong velja ut Jerusalem.»Select Zechariah 1:17
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain