Skip to content
Church.wiki
Zechariah

Zechariah 11

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Lat upp portarne dine, Libanon, so elden kann øyda cedertrei dine!Select Zechariah 11:1

2Jamra deg, du cypressa, for cederen er fallen, dei herlege trei avøydde! Jamra dykk, de Basan-eiker: for tjukkaste skogen er sokken!Select Zechariah 11:2

3Høyr, kor hyrdingarne jamrar; for di deira herlegdom er lagd i øyde! Høyr, kor dei unge løvorne burar; for Jordans prydnad er herja!Select Zechariah 11:3

4So sagde Herren min Gud: Røkta slagtesauerne!Select Zechariah 11:4

5For dei som kjøper deim, slagtar deim utan å bøta for det, og dei som sel deim segjer: «Lova vere Herren! Eg vert då rik!» Og hyrdingarne deira sparer deim ikkje.Select Zechariah 11:5

6For no vil eg ikkje meir spara folket i landet, segjer Herren; men eg vil lata menneski falla i henderne på kvarandre og i henderne på kongen sin, og dei skal øyda landet, og eg vil ikkje fria frå deira vald.Select Zechariah 11:6

7So tok eg til å røkta slagtesauerne, ja, dei ringaste av sauerne, og eg tok meg tvo stavar, den eine kalla eg Godvilje, og den andre kalla eg Sameining. Eg gjætte då sauerne,Select Zechariah 11:7

8og eg gjorde dei tri hyrdingarne til inkjes på ein månad. Då leiddest eg ved deim, og dei stygdest og ved meg,Select Zechariah 11:8

9og so sagde eg: «Eg vil ikkje lenger vera hyrdingen dykkar. Lat dei døy som vil døy, og lat det øydast som vil øydast, og dei som vert att, fær eta kvarandre upp!»Select Zechariah 11:9

10So tok eg staven min Godvilje og braut honom sund til å løysa upp pakti som eg hadde gjort med alle folki.Select Zechariah 11:10

11Og ho vart gjord til inkjes same dagen, og då fekk dei sanna dei arme sauerne som ansa på meg, at det var Herrens ord.Select Zechariah 11:11

12Dinæst sagde eg til deim: «Um de so synest, so gjev meg løni mi, og synest de ikkje det er verdt, so lat det vera!» Då vog dei upp tretti sylvdalar til løn åt meg.Select Zechariah 11:12

13Då sagde Herren til meg: Sleng honom burt til pottemakaren, den herlege prisen som dei hev verdsett meg til! Og eg tok dei tretti sylvdalarne og kasta deim inn i Herrens hus, burt til pottemakaren.Select Zechariah 11:13

14So braut eg sund den andre staven min, Sameining, til å løysa upp brorskapen millom Juda og Israel.Select Zechariah 11:14

15Og Herren sagde til meg: Tak deg no atter hyrdingreidskap, som ein skarvehyrding.Select Zechariah 11:15

16For sjå, eg let ein hyrding risa upp i landet, ein som ikkje bryr seg um dei burtkomne, ikkje leitar etter dei villfarne, ikkje heilar dei brotne og ikkje syter for dei friske; men kjøtet av dei feite et han, og klauverne deira riv han av.Select Zechariah 11:16

17Usæl den skarvehyrdingen som svik sauerne! Sverd yver armen hans og yver høgre auga hans! Visna, ja, visna skal armen hans, og høgre auga hans verta blindt.Select Zechariah 11:17

Next: Zechariah 12Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Zechariah

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.