Zechariah 4
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Sidan kom engelen som tala med meg, og vekte meg att liksom ein mann vert vekt or svevnen,Select Zechariah 4:1
2og han sagde til meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er heilt av gull, med oljeskåli si på toppen og sine sju lampor, og med sju røyrer som gjeng til lamporne der ovantil,Select Zechariah 4:2
3og tvo oljetre stend attved, eitt på høgre sida av oljeskåli og eitt på vinstre sida.»Select Zechariah 4:3
4Og eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva skal desse ting tyda, herre?»Select Zechariah 4:4
5Engelen som tala med meg, svara og sagde til meg: «Skynar du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre?»Select Zechariah 4:5
6Då tok han til ords og sagde til meg: «Dette er Herrens ord til Zerubbabel: Ikkje med magt og ikkje med kraft, men med min ande, segjer Herren, allhers drott.Select Zechariah 4:6
7Kven er du, du store fjell som reiser deg mot Zerubbabel? Jamna deg ut til ei sletta! Han skal føra fram toppsteinen medan dei ropar: «Nåde, nåde vere med honom!»»Select Zechariah 4:7
8Og Herrens ord kom til meg soleis:Select Zechariah 4:8
9Zerubbabels hender hev tufta dette huset; hans hender skal ogso fullenda det, og du skal få kjenna at Herren, allhers drott, hev sendt meg til dykk.Select Zechariah 4:9
10For kven vil vanvyrda dagen som tok til i det små, når desse sju med gleda ser blyloddet i Zerubbabels hand, desse Herrens augo som fer ikring yver heile jordi?Select Zechariah 4:10
11Då tok eg til ords og sagde til honom: «Kva skal dei tyda desse tvo oljetrei på høgre og vinstre sida av ljosestaken?»Select Zechariah 4:11
12Og eg tok atter til ords og spurde honom: «Kva skal dei tyda desse tvo oljegreinerne tett attved dei tvo gullrøyrerne som det renn gull ned ifrå?»Select Zechariah 4:12
13Då sagde han til meg: «Kva? Veit du ikkje kva desse skal tyda?» Eg svara: «Nei, herre.»Select Zechariah 4:13
14Då sagde han: «Det er dei tvo olje-sønerne som stend hjå herren yver all jordi.»Select Zechariah 4:14
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain