Zechariah 5
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Sidan lyfte eg atter upp augo mine og fekk sjå ein fjukande bokrull,Select Zechariah 5:1
2og han sagde til meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein fjukande bokrull, som er tjuge alner lang og ti alner breid.»Select Zechariah 5:2
3Då sagde han til meg: «Dette er forbanningi som gjeng ut yver heile landet; for i samhøve med henne skal kvar den som stel verta reinska burt her ifrå, og i samhøve med henne skal kvar den som sver verta reinska burt her ifrå.Select Zechariah 5:3
4Eg hev sendt henne ut, segjer Herren, allhers drott, og ho skal ganga inn i huset til tjuven og inn i huset til den som gjer rang eid ved mitt namn, og ho skal setja seg fast der i huset og øydeleggja det, både tre og stein.»Select Zechariah 5:4
5Sidan kom han fram den engelen som tala med meg, og sagde til meg: «Lyft upp augo dine og sjå kva det er som kjem fram der!»Select Zechariah 5:5
6Eg spurde: «Kva er det?» Han svara: «Det er skjeppa som kjem fram.» Og han sagde: «Soleis ser det ut med deim i heile landet.»Select Zechariah 5:6
7Sjå, då vart eit rundt blylok lyft upp, og der var ei kvinna som sat i skjeppa.Select Zechariah 5:7
8Då sagde han: «Dette er gudløysa.» Og so tok han og slengde henne ned i skjeppa og slo blyloket yver opningi.Select Zechariah 5:8
9Då eg sidan lyfte upp augo mine, fekk eg sjå tvo kvinnor som kom fram, og vinden fyllte vengjerne deira - for dei hadde vengjer som storkevenger - og dei tok og lyfte skjeppa upp millom himmel og jord.Select Zechariah 5:9
10Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kvar skal dei av med skjeppa?»Select Zechariah 5:10
11Han svara: «Dei skal byggja eit hus åt henne i Sinearlandet, og når det er ferdigt, skal ho setjast ned der på sin stad.»Select Zechariah 5:11
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain