Zechariah 7
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1I det fjorde styringsåret åt kong Darius kom Herrens ord til Zakarja, på den fjorde dagen i den niande månaden, i månaden kislev.Select Zechariah 7:1
2Då sende Betel Sareser og Regem-Melek og mennerne hans av stad til å blidka HerrenSelect Zechariah 7:2
3og spyrja prestarne i huset åt Herren, allhers drott, og profetarne: «Skal eg gråta og fasta i den femte månaden som me hev gjort no i mange, mange år?»Select Zechariah 7:3
4Då kom ordet frå Herren, allhers drott, til meg soleis:Select Zechariah 7:4
5Seg du til alt folket i landet og til prestarne: Når de no i sytti år hev halde faste- og gråtedagar i femte og sjuande månaden, er det då for meg de hev fasta?Select Zechariah 7:5
6Og når de et, og når de drikk, er det då ikkje de sjølve som et og drikk?Select Zechariah 7:6
7Var det ikkje dei ordi Herren kunngjorde gjenom dei fyrre profetarne, då folk budde i fred og tryggleik i Jerusalem og i landsbyarne rundt ikring, og i Sudlandet og Låglandet like eins?Select Zechariah 7:7
8Og Herrens ord kom til Zakarja soleis:Select Zechariah 7:8
9Soleis tala Herren, allhers drott: Seg rettvise domar og ver kjærlege og miskunnsame mot kvarandre!Select Zechariah 7:9
10Enkjor og farlause, framandfolk og fatige må de ikkje vera harde med, og ikkje tenkja ut vondt mot kvarandre i hjarta dykkar!Select Zechariah 7:10
11Men dei vilde ikkje høyra, og dei sette ein stiv nakke imot; dei gjorde øyro sine dauve, so dei skulde sleppa å høyra,Select Zechariah 7:11
12ja, hjarto sine gjorde dei harde som demant, so dei skulde sleppa å høyra lovi og dei ordi som Herren, allhers drott, sende ved sin ande gjenom dei fyrre profetarne. Då kom det ein stor vreide frå Herren, allhers drott.Select Zechariah 7:12
13Og av di dei ikkje vilde høyra når han ropa, so sagde no Herren, allhers drott: Eg vil ikkje høyra når dei ropar;Select Zechariah 7:13
14men eg skal føykja deim burt millom alle heidningfolki som dei ikkje kjenner, og landet skal liggja audt etter deim, so ingen fer att og fram. Soleis gjorde dei det herlege landet til ei øydemark.Select Zechariah 7:14
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain