Skip to content
Church.wiki

Zephaniah Chapter 2 Studentmållagsbibelen frå 1921

Minor prophets · Zephaniah · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 15 verses

Verse layout
📝 Overview of this chapter Flow, key verses and people

스바냐 2장은 유다에게 회개를 촉구한 뒤, 블레셋·모압·암몬·구스·앗수르 등 사방의 민족에게 내릴 심판과 유다의 남은 자가 받을 회복을 예언하는 장이다.

Jump to verse

2Zephaniah · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Samla dykk og sansa dykk, du folk som ikkje blygjest!
2fyrr rådgjerdi føder - som agner fer dagen fram - fyrr Herrens brennande vreide kjem yver dykk, fyrr Herrens vreide-dag kjem yver dykk.
3Søk Herren alle de audmjuke i landet, som held lovi hans! Søk rettferd, søk audmykt! Kann henda vert de då livde på Herrens vreide-dag!
4For Gaza skal verta folketomt, Askalon til ei øydemark, Asdod-folket skal jagast ut midt på ljose dagen og Ekron rykkjast upp med rot.
5Usæle dei som bur i bygdi utmed havet, kretarfolket. Herrens ord er yver deg, Kana’an, Filistarland. Ja, eg vil leggja deg i øyde, so ingen skal bu i deg.
6Og bygdi utmed havet skal liggja til hamnegang med gjætarbrunnar og sauegardar.
7Og leivningen av Judas hus skal få bygdi til sin lut, der skal dei hava beite. I Askalon-husi skal dei liggja um kvelden, når Herren, deira Gud, ser til deim, og vender deira lagnad.
8Eg hev høyrt svivyrdingi frå Moab og spottordi frå Ammons-borni, som dei hev svivyrdt mitt folk med og briska seg mot landet deira.
9Difor, so visst som eg lever, segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, skal det ganga Moab som Sodoma og Ammons-sønerne som Gomorra: Dei skal verta til netlemark, saltgruva og øydemark til æveleg tid. Resten av folket mitt skal plundra deim, leivningen av lyden min skal få deim til eiga.
10Dette skal henda deim for deira storlæte, for di dei svivyrde og briska seg mot folket åt Herren, allhers drott.
11Fæl skal Herren vera mot deim, for han skal øyda ut alle gudarne på jordi. Alle heidninglandi skal kasta seg ned for honom, kvar frå sin stad.
12De og, ætiopar - gjenomstungne av sverdet mitt er dei.
13Han retter ut handi mot nord og tyner Assur og gjer Nineve til ei øydemark, til turre heidi.
14Hjorder skal lægra seg der inne, alle slag villdyr i flokk. Pelikan og bustyvel skal natta på sulehovudi der, fuglelåt høyrast i vindaugo, øyda bu på dørstokken, for cederpanelet hev han rive.
15Dette er den jublande byen, som sat so trygt og sagde i sitt hjarta: «Eg og ingen annan!» Kor aud han er vorten, eit læger for villdyr! Kvar den som framum fer, blistrar og vinkar med handi.

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

15 verses in this chapter
2 / 3 chapters

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

Articles mentioning this chapter

More