Zephaniah 3
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Usæl han, den tråssuge og ureine, valdsbyen!Select Zephaniah 3:1
2Han høyrer ikkje på røysti åt nokon, tek ikkje tukt. På Herren lit han ikkje, til sin Gud vil han ikkje koma.Select Zephaniah 3:2
3Hovdingarne der inne er burande løver, domarane hans er som ulvar um kvelden; dei sparar inkje til morgondagen.Select Zephaniah 3:3
4Profetarne hans er skrythalsar, trulause menner, prestarne vanhelgar det heilage, gjer vald mot lovi.Select Zephaniah 3:4
5Herren er rettferdig der inne, gjer ikkje urett. Kvar morgon let han sin dom koma fram i ljoset, det glepp ikkje. Men den urettferdige kjenner ikkje skam.Select Zephaniah 3:5
6Eg hev øydt ut folkeslag, deira murtindar vart nedbrotne. Eg gjorde gatorne deira aude, so ingen ferdast på deim; byarne deira vart herja, so dei er utan folk, utan ibuar.Select Zephaniah 3:6
7Eg sagde: Berre du vil ottast meg, taka tukt, so skal bustaden din ikkje verta øydelagd med alt det som eg hev gjeve deg i varetekt. Like vel var dei uppsette på å lata alle sine gjerningar vera illverk.Select Zephaniah 3:7
8Difor, bia på meg, segjer Herren, til den dagen eg ris upp til herfang. For det er min dom at eg samlar folki og stemner saman kongeriki, renner ut harmen min yver deim, all min brennande vreide; for elden av min brennhug skal øyda heile jordi.Select Zephaniah 3:8
9For då vil eg gjeva folki nye, reine lippor, so dei kann kalla på Herrens namn og samheldigt tena honom.Select Zephaniah 3:9
10Frå landet burtanfor elvarne i Ætiopia skal dei føra mine tilbedarar, mitt spreidde folk bera fram offer til meg.Select Zephaniah 3:10
11På den dagen tarv du ikkje skjemmast ved alle gjerningarne dine, som du synda imot meg med; for då vil eg rydja burt frå deg deim som jublar so stolt i deg, og du skal ikkje meir gjera deg stor på mitt heilage fjell.Select Zephaniah 3:11
12Men eg vil leiva i deg eit audmjukt og armt folk, og dei skal lita på Herrens namn.Select Zephaniah 3:12
13Israels leivning skal ikkje gjera urett, dei skal ikkje tala lygn, og det skal ikkje finnast svikfull tunga i deira munn. Ja, dei skal beita og liggja i ro, utan at nokon skræmer deim.Select Zephaniah 3:13
14Jubla, dotter Sion! Lyft upp fagnadrop, Israel! Gled deg og frygda deg av alt ditt hjarta, dotter Jerusalem.Select Zephaniah 3:14
15Herren hev vend straffedomarne ifrå deg, rudt fienden din or vegen. Herren, Israels konge, er hjå deg. Du tarv ikkje meir ottast noko vondt.Select Zephaniah 3:15
16På den dagen skal det segjast til Jerusalem: «Ottast ikkje, Sion, lat ikkje henderne siga!Select Zephaniah 3:16
17Herren din Gud er hjå deg, ei kjempa som kann frelsa. Han gled seg yver deg med fagnad, han tegjer i sin kjærleik; han jublar i frygd yver deg.»Select Zephaniah 3:17
18Eg samlar deim som med sorg hev vore utestengde frå høgtidsstemnorne; dei er frå deg. Vanæra tyngjer på deim.Select Zephaniah 3:18
19Sjå, på den tidi vil eg taka på trælkarane dine, og eg vil frelsa dei halte og sanka saman dei burtdrivne og gjera deim til æra og gjetord yver heile jordi, der dei fyrr var vanæra.Select Zephaniah 3:19
20På den tid let eg dykk koma heim att, på den tid sankar eg dykk, og eg vil gjera dykk til gjetord og æra millom alle folki på jordi, når eg vender lagnaden dykkar for augo på dykk, segjer Herren.Select Zephaniah 3:20
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain