Psalms 104
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Lova Herren, mi sjæl! Herre min Gud, du er ovleg stor, i høgd og herlegdom er du klædd.Select Psalms 104:1
2Han sveiper seg i ljos som i eit klædeplagg, han spanar ut himmelen som ein tjeldduk,Select Psalms 104:2
3han som timbrar sine høgsalar i vatni, han som gjer skyerne til si vogn, han som fer fram på vengjerne åt vinden.Select Psalms 104:3
4Han gjer vindar til sine englar og logande eld til sine tenarar.Select Psalms 104:4
5Han grunnfeste jordi på stolparne hennar, ho skal ikkje verta rikka i all æva.Select Psalms 104:5
6Djupe vatn lagde du yver henne som eit klæde, yver fjelli stod vatni.Select Psalms 104:6
7For ditt trugsmål flydde dei, for ditt toremål skunda dei seg burtSelect Psalms 104:7
8- fjell steig, dalar sokk - til den staden som du hadde grunnfest for deim.Select Psalms 104:8
9Ei grensa sette du, som dei ikkje skulde skrida yver, dei skal ikkje atter skulde leggja seg yver jordi.Select Psalms 104:9
10Han sender uppkomor fram i dalarne, millom fjelli renn dei.Select Psalms 104:10
11Dei vatnar alle villdyr på marki, villasni sløkkjer torsten sin.Select Psalms 104:11
12Yver deim bur himmelens fuglar, millom greinerne syng dei.Select Psalms 104:12
13Han vatnar fjelli frå sine høge salar, jordi vert metta av den frukt du skaper.Select Psalms 104:13
14Gras let han gro for feet, og vokstrar til gagn for folk til å få brød fram or jordi,Select Psalms 104:14
15og vin som gled menneskjehjarta, til å lata andlitet skina av olje, og avla brød som styrkjer menneskjehjarta.Select Psalms 104:15
16Herrens tre vert metta, Libanons cedrar som han hev sett,Select Psalms 104:16
17der fuglane byggjer reir, storken som hev sitt hus i cypressarne.Select Psalms 104:17
18Dei høge fjelli er for steinbukkarne, bergskortorne er til livd for fjell-grevlingarne.Select Psalms 104:18
19Han gjorde månen til tidarmerke; soli kjenner si nedgangstid.Select Psalms 104:19
20Du sender myrker, og det vert natt, då krek alle villdyr i skogen fram.Select Psalms 104:20
21Dei unge løvor burar etter ran, og dei krev si føda av Gud.Select Psalms 104:21
22Soli gjeng upp, då dreg dei seg heim og legg seg inn i sine bol.Select Psalms 104:22
23Menneskja gjeng ut til si gjerning, til sitt arbeid alt til kvelds.Select Psalms 104:23
24Kor mange dine gjerningar er, Herre! Du gjorde deim alle med visdom, jordi er full av det du hev skapt.Select Psalms 104:24
25Sjå havet, det store og vide! Der krek det i uteljande mengd av dyr både små og store.Select Psalms 104:25
26Der gjeng skipi, Livjatan som du hev laga til å leika seg der.Select Psalms 104:26
27Alle ventar dei på deg, at du skal gjeva deim føda i si tid.Select Psalms 104:27
28Du gjev deim, dei sankar, du let upp handi, dei vert metta med godt.Select Psalms 104:28
29Du løyner ditt andlit, dei vert forskræmde, du tek burt deira ande, dei døyr og dei vender attende til dusti si.Select Psalms 104:29
30Du sender ut din ande, dei vert skapte, du nyar upp att skapnaden åt jordi.Select Psalms 104:30
31Herrens æra vare æveleg, Herren glede seg i sine gjerningar!Select Psalms 104:31
32Han som skodar på jordi og ho skjelv, han som rører fjelli og dei ryk.Select Psalms 104:32
33Eg vil syngja for Herren so lenge eg liver, eg vil lovsyngja min Gud so lenge eg er til.Select Psalms 104:33
34Gjev min tale kunde tekkjast honom! Eg vil gleda meg i Herren.Select Psalms 104:34
35Gjev syndarar måtte kverva burt frå jordi, og ugudlege ikkje lenger finnast! Lova Herren, mi sjæl! Halleluja, lova Herren.Select Psalms 104:35
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain