Skip to content
Church.wiki
Psalms

Psalms 107

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!Select Psalms 107:1

2So segjer Herrens utløyste, som han hev løyst ut or naudi,Select Psalms 107:2

3som han hev sanka i hop frå landi, frå aust og frå vest, frå nord og frå havet.Select Psalms 107:3

4Dei for vilt i øydemarki, i vegløysa, dei fann ingen by til å bu i.Select Psalms 107:4

5Hungrige og tyrste var dei, deira sjæl vanmegtast i deim.Select Psalms 107:5

6Då ropa dei til Herren i si naud, or deira trengslor fria han deim ut,Select Psalms 107:6

7og han førde deim på rett veg, so dei gjekk til ein by dei kunde bu i.Select Psalms 107:7

8Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni,Select Psalms 107:8

9for han metta den tyrste sjæl, og den hungrige sjæl fyllte han med godt.Select Psalms 107:9

10Dei sat i myrker og daudeskugge, bundne i stakarsdom og jarn,Select Psalms 107:10

11av di dei hadde tråssa mot Guds ord og vanvyrdt råderne frå den Høgste.Select Psalms 107:11

12Og han bøygde deira hjarto med liding, dei snåva, og der var ingen hjelpar.Select Psalms 107:12

13Då ropa dei til Herren i si naud, frå deira trengslor frelste han deim.Select Psalms 107:13

14Han førde deim ut or myrker og daudeskugge, og deira band reiv han sund.Select Psalms 107:14

15Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborni;Select Psalms 107:15

16for han krasa koparportar og hogg sund jarnbommar.Select Psalms 107:16

17Dårar var dei for sin brotsveg, og for sine misgjerningar vart dei plåga.Select Psalms 107:17

18Deira sjæl vart leid av all mat, og dei kom nær til daudens portar.Select Psalms 107:18

19Då ropa dei til Herren i si naud; frå deira trengslor frelste han deim.Select Psalms 107:19

20Han sende sitt ord og lækte deim og berga deim frå deira graver.Select Psalms 107:20

21Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborniSelect Psalms 107:21

22og ofra takkoffer og fortelja um hans verk med fagnad.Select Psalms 107:22

23Dei som for ut på havet med skip, og som dreiv handel på dei store vatni,Select Psalms 107:23

24dei såg Herrens gjerningar og hans underverk på djupet.Select Psalms 107:24

25Han tala og let det koma ein stormvind, og denne reiste havsens bylgjor.Select Psalms 107:25

26Dei for upp imot himmelen, dei for ned i djupi, deira sjæl miste modet i ulukka.Select Psalms 107:26

27Dei raga og tumla som drukne, og all deira visdom vart til inkjes.Select Psalms 107:27

28Då ropa dei til Herren i si naud, or deira trengslor førde han deim ut.Select Psalms 107:28

29Han let storm verta til stilla, og bylgjorne kringum deim tagna.Select Psalms 107:29

30Og dei vart glade då dei lagde seg, og han førde deim til den hamni dei ynskte.Select Psalms 107:30

31Dei skal prisa Herren for hans miskunn og for hans under mot menneskjeborniSelect Psalms 107:31

32og høglova honom i folkesamling og lovsyngja honom der dei gamle sit saman.Select Psalms 107:32

33Han gjorde elvar til ei øydemark og vatskjeldor til eit turrlende,Select Psalms 107:33

34fruktsamt land til ei saltheid, for deira vondskap skuld, som budde der.Select Psalms 107:34

35Han gjorde øydemark til innsjø og turrlende til vatskjeldor.Select Psalms 107:35

36Og han let hungrige bu der, og dei bygde ein by til å bu i.Select Psalms 107:36

37Og dei sådde åkrar og planta vinhagar, og dei fekk grøda til å hausta.Select Psalms 107:37

38Og han velsigna deim, og dei auka mykje, og av fe gav han deim ikkje lite.Select Psalms 107:38

39So minka dei att og vart nedbøygde av trykk og trengsla og sorg.Select Psalms 107:39

40Han som renner ut vanvyrdnad yver hovdingar og let deim villast i veglaus øydemark,Select Psalms 107:40

41han lyfte upp den fatige or vesaldomen og auka ætterne som ei hjord.Select Psalms 107:41

42Dei ærlege ser det og gled seg, og all vondskap let att sin munn.Select Psalms 107:42

43Den som er vis, han gjeve gaum etter dette, og dei må merke Herrens nådegjerningar.Select Psalms 107:43

Next: Psalms 108Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Psalms

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.