Psalms 114
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Då Israel drog ut or Egyptarland, Jakobs hus frå eit folk med framand tunga,Select Psalms 114:1
2då vart Juda hans heilagdom, Israel hans rike.Select Psalms 114:2
3Havet såg det og flydde, Jordan drog seg attende.Select Psalms 114:3
4Fjelli hoppa som verar, haugarne som lamb.Select Psalms 114:4
5Kva hev hendt deg, hav, at du flyr? du Jordan, at du dreg deg attende?Select Psalms 114:5
6de fjell, at de hoppar som verar, de haugar som lamb?Select Psalms 114:6
7For Herrens åsyn må du skjelva, jord, for Jakobs Guds åsyn!Select Psalms 114:7
8Han som gjer berget til ein sjø, harde steinen til ei vatskjelda.Select Psalms 114:8
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain