Psalms 118
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!Select Psalms 118:1
2Israel segje: «Æveleg varer hans miskunn!»Select Psalms 118:2
3Arons hus segje: «Æveleg varer hans miskunn!»Select Psalms 118:3
4Dei som ottast Herren, segje: «Æveleg varer hans miskunn!»Select Psalms 118:4
5Ut or trengsla ropa eg på Herren, Herren svara meg og førde meg ut i det frie.Select Psalms 118:5
6Herren er med meg, eg ræddast inkje, kva kann menneskje gjera meg?Select Psalms 118:6
7Herren er med meg og hjelper meg, og eg skal sjå med lyst på deim som hatar meg.Select Psalms 118:7
8Det er betre å fly til Herren enn å lita på menneskje.Select Psalms 118:8
9Det er betre å fly til Herren enn å lita på hovdingar.Select Psalms 118:9
10Alle heidningar kringset meg; i Herrens namn skal eg hogga deim ned.Select Psalms 118:10
11Dei kringset, ja, kringrenner meg; i Herrens namn skal eg hogga deim ned.Select Psalms 118:11
12Dei kringset meg som bior; dei sloknar som eld i klunger, i Herrens namn skal eg hogga deim ned.Select Psalms 118:12
13Hardt støytte du meg, at eg skulde falla; men Herren hjelpte meg.Select Psalms 118:13
14Min styrke og lovsong er Herren, og han vart meg til frelsa.Select Psalms 118:14
15Rop av fagnad og frelsa er å høyra i tjeldi åt dei rettferdige; Herrens høgre hand gjer storverk.Select Psalms 118:15
16Herrens høgre hand upphøgjer, Herrens høgre hand gjer storverk.Select Psalms 118:16
17Eg skal ikkje døy, men liva og fortelja Herrens gjerningar.Select Psalms 118:17
18Hardt tukta Herren meg, men til dauden gav han meg ikkje.Select Psalms 118:18
19Lat upp for meg rettferds portar! Eg vil ganga inn gjenom deim, eg vil prisa Herren.Select Psalms 118:19
20Dette er Herrens port, dei rettferdige skal ganga der.Select Psalms 118:20
21Eg takkar deg av di du svara meg og vart meg til frelsa.Select Psalms 118:21
22Den steinen som bygningsmennerne skaut ut, hev vorte ein hyrnestein.Select Psalms 118:22
23Frå Herren er det kome, dette, det er underlegt for våre augo.Select Psalms 118:23
24Dette er dagen som Herren hev gjort, lat oss fegnast og gleda oss no!Select Psalms 118:24
25Å Herre, frels då! Å Herre, lat det då lukkast!Select Psalms 118:25
26Velsigna vere den som kjem i Herrens namn! Me velsignar dykk frå Herrens hus.Select Psalms 118:26
27Herren er Gud, og han let det verta ljost for oss. Bitt høgtidsofferet med reip alt inn til horni på altaret!Select Psalms 118:27
28Min Gud er du, og eg vil prisa deg, min Gud, eg vil upphøgja deg.Select Psalms 118:28
29Prisa Herren, for han er god, for æveleg varer hans miskunn!Select Psalms 118:29
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain