Psalms 124
Studentmållagsbibelen frå 1921
1 Ein song til høgtidsferderne; av David. Hadde ikkje Herren vore med oss, - so segje Israel -
2 hadde ikkje Herren vore med oss, då menneskje stod upp imot oss,
3 so hadde dei slukt oss livande, då deira vreide loga imot oss,
4 so hadde vatni flødt yver oss, ei elv gjenge yver vår sjæl,
5 so hadde dei gjenge yver vår sjæl, dei storlåtne vatni.
6 Lova vere Herren, som ikkje gav oss til åt for deira tenner!
7 Vår sjæl slapp undan som ein fugl or fangarsnara. Snara rivna sund, og me slapp undan.
8 Vår hjelp er i Herrens namn, han som gjorde himmel og jord.
About this translation
Studentmållagsbibelen frå 1921 · Norwegian nynorsk
Studentmållagsbibelen frå 1921
Public Domain · Translation source
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921