Psalms 127
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Ein song til høgtidsferderne; av Salomo. Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider dei fåfengt som byggjer på det. Dersom Herren ikkje vaktar byen, so vaker vakti fåfengt.Select Psalms 127:1
2Fåfengt stend de tidleg upp og sit til seint på kvelden og et det mødsame brød; det same gjev han venen sin som søv.Select Psalms 127:2
3Sjå, born er Herrens gåva, livsfrukt er ei løn.Select Psalms 127:3
4Som piler i kjempehand, soleis er ungdoms søner.Select Psalms 127:4
5Sæl er den mann som hev sitt pilehus fullt av deim! Ikkje skal dei verta til skammar, når dei talar med fiendar i porten.Select Psalms 127:5
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain