Psalms 139
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Til songmeisteren; av David; ein salme. Herre, du ransakar meg og kjenner meg.Select Psalms 139:1
2Um eg sit eller stend upp, so veit du det, du skynar min tanke langan veg.Select Psalms 139:2
3Mi gonga og lega røyner du ut, og alle mine vegar kjenner du grant.Select Psalms 139:3
4For det er inkje ord på mi tunga - sjå, Herre, du kjenner det alt til fullnads.Select Psalms 139:4
5Bak og framme held du ikring meg, og du legg di hand på meg.Select Psalms 139:5
6Slik kunnskap er meg for underleg, han er for høg, eg kann ikkje greida honom.Select Psalms 139:6
7Kvar skal eg fara frå din ande, og kvar skal eg fly ifrå ditt andlit?Select Psalms 139:7
8For eg upp til himmelen, so er du der, og reidde eg seng i helheimen, sjå, der er du og.Select Psalms 139:8
9Tek eg vengjerne til morgonroden, slo eg meg ned ved ytste havet,Select Psalms 139:9
10di hand vilde leida meg ogso der, og di høgre hand vilde halda meg fast.Select Psalms 139:10
11Og sagde eg: «Myrker løyne meg, og ljoset verte natt ikringum meg,»Select Psalms 139:11
12so vilde ikkje heller myrkret gjera noko myrkt for deg, og natti vilde vera ljos som dagen, myrkret vilde vera som ljoset.Select Psalms 139:12
13For du hev skapt mine nyro, du hev verka meg i morsliv.Select Psalms 139:13
14Eg takkar deg, av di eg er laga på øgjeleg underfull vis; underfulle er dine verk, og mi sjæl veit det so vel.Select Psalms 139:14
15Mine bein var ikkje dulde for deg då eg vart laga i løynd, då eg med kunst vart verka djupt i jordi.Select Psalms 139:15
16Då eg var eit foster, såg dine augo meg, og i di bok vart dei alle uppskrivne, dei dagar som vart fastsette, då ikkje ein av deim var komen.Select Psalms 139:16
17Og kor dyre dine tankar er for meg, du Gud, kor store summarne er av deim!Select Psalms 139:17
18Vil eg telja deim, so er dei fleire enn sand; eg vaknar, og endå er eg hjå deg.Select Psalms 139:18
19Gud, gjev du vilde drepa den ugudlege! og de, blodfuse menner, vik burt frå meg -Select Psalms 139:19
20dei som nemner deg med fulskap, brukar ditt namn til lygn - dine fiendar!Select Psalms 139:20
21Skulde eg ikkje, Herre, hata deim som hatar deg, og styggjast ved deim som stend deg imot?Select Psalms 139:21
22Med det sterkaste hatet hatar eg deim, fiendar er dei for meg.Select Psalms 139:22
23Ransaka meg, Gud, og kjenn mitt hjarta! Prøv meg og kjenn mine tankar!Select Psalms 139:23
24Og sjå um eg er på veg til pinsla, og leid meg på æveleg veg!Select Psalms 139:24
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain