Skip to content
Church.wiki

Psalms Psalm 143 Studentmållagsbibelen frå 1921

Poetry & wisdom · Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 12 verses

Verse layout
📝 Overview of this psalm Flow, key verses and people

시편 143편은 원수에게 쫓겨 지친 시인이 하나님의 의와 인자하심에 기대어 응답과 구원, 그리고 주의 뜻을 행하는 길로의 인도를 구하는 다윗의 탄원시이다.

Jump to verse

143Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Ein salme av David. Herre, høyr mi bøn og vend øyra til mine inderlege bøner! Svara meg i din truskap, i di rettferd,
2og gakk ikkje til doms med din tenar; for ingen som liver, er rettferdig for di åsyn.
3For fienden hev forfylgt mi sjæl, han hev krasa mitt liv til jordi, han hev sett meg av i myrkrer som dei æveleg daude.
4Og mi ånd er vanmegtig i meg, mitt hjarta i meg er forskræmt.
5Fordoms dagar kjem eg i hug, eg tenkjer på alt ditt verk og grundar på det dine hender hev gjort.
6Mine hender retter eg til deg, som turre landet tyrster mi sjæl etter deg. Sela.
7Herre, svara meg snart, mi ånd forgjengst! Løyn ikkje ditt andlit for meg, so eg skulde likjast deim som fer ned i gravi.
8Lat meg høyra di miskunn um morgonen, for eg lit på deg! Lær meg den veg eg skal vandra, for eg lyfter mi sjæl til deg!
9Fria meg, Herre, frå mine fiendar, eg søkjer livd hjå deg.
10Lær meg å gjera din vilje, for du er min Gud! Din gode ande leide meg på jamne lendet.
11For ditt namn skuld, Herre, haldt meg i live! I di rettferd før mi sjæl ut or trengsla!
12Og ryd i di miskunn ut mine fiendar, og øydelegg alle som trengjer mi sjæl, for eg er din tenar.

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

12 verses in this psalm
143 / 150 psalms

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

Articles mentioning this psalm

More