Skip to content
Church.wiki

Psalms Psalm 147 Studentmållagsbibelen frå 1921

Poetry & wisdom · Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 20 verses

Verse layout
📝 Overview of this psalm Flow, key verses and people

시편 147편은 예루살렘을 다시 세우고 흩어진 백성을 모으며 자연을 다스리고 이스라엘에게 말씀을 주시는 하나님을 찬양하는 20절의 찬양시이다.

Jump to verse

147Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Halleluja! For det er godt å lovsyngja vår Gud, for yndelegt er det, og lovsong høver vel.
2Herren byggjer upp Jerusalem, han samlar dei burtdrivne israelitar.
3Han lækjer deim som hev sundbrote hjarta, og bind um deira verkjande sår.
4Han set tal på stjernorne, han nemner deim alle med namn.
5Stor er vår Herre og veldug i magt, på hans vit er det ikkje mål.
6Herren held dei spaklyndte uppe, dei ugudlege bøygjer han ned til jordi.
7Syng for Herren med takkesong, syng lov for vår Gud med cither!
8han som tekkjer himmelen med skyer, han som lagar regn for jordi, han som let det veksa gras på fjelli.
9Han gjev feet for, ramn-ungarne som ropar.
10Han hev ikkje hug til hestens styrke, han hev ikkje hugnad i mannsens leggjer.
11Herren hev hugnad i deim som ottast han, deim som ventar på hans miskunn.
12Jerusalem, prisa Herren, Sion, lova din Gud!
13For stengerne på dine portar hev han gjort faste, han hev velsigna dine born i deg.
14Han gjev dine grensor fred, han mettar deg med den feitaste kveite.
15Han sender sin tale til jordi, fort spring hans ord.
16Han som gjev snø som ull, han strår ut rim som oska.
17Han kastar sin is som småe stykke; kven kann standa for hans kulde?
18Han sender sitt ord og smeltar deim, han let vinden sin blåsa, då renn vatn.
19Han hev kunngjort sitt ord for Jakob, sine fyresegner og rettar for Israel.
20Soleis hev han ikkje gjort med noko folk, og hans rettar - deim kjenner dei ikkje. Halleluja!

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

20 verses in this psalm
147 / 150 psalms

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

Articles mentioning this psalm

More