Skip to content
Church.wiki

Psalms Psalm 31 Studentmållagsbibelen frå 1921

Poetry & wisdom · Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 24 verses

Verse layout
📝 Overview of this psalm Flow, key verses and people

시편 31편은 다윗의 시로 전해지는 24절의 기도시이다. 원수와 고통 속에서 하나님께 피하여 건져 주시기를 구하고, 응답을 받은 뒤 감사하며 성도들에게 담대하라고 권한다.

Jump to verse

31Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Til songmeisteren; ein salme av David.
2Herre, eg flyr til deg; lat meg aldri i æva verta til skammar! Frels meg ved di rettferd!
3Bøyg ditt øyra til meg, berga meg snart, ver meg eit festningsberg, ei fast borg til å frelsa meg!
4For du er mitt berg og mi borg, og for ditt namn skuld vil du føra og leida meg.
5Du vil føra meg ut or garnet som dei løynleg hev sett for meg; for du er mi vern.
6I di hand yvergjev eg mi ånd; du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.
7Eg hatar deim som dyrkar tome avgudar, men eg, eg set mi lit til Herren.
8Eg vil fagna meg og gleda meg yver di miskunn, at du hev set min armodsdom, kjært deg um mi sjælenaud.
9Og du hev ikkje gjeve meg i fiendehand, du hev sett mine føter på romlendt stad.
10Ver meg nådig, Herre, for eg vert trengd! Mitt auga er upptært av hugverk, ja, mi sjæl og min likam.
11For mitt liv kverv burt med sorg, og mine år med sukk; mi kraft fell av for mi misgjerning skuld, og mine bein er utmødde.
12For alle mine motstandarar skuld hev eg vorte til skam, ja, til stor skam for mine grannar, og til skræma for mine kjenningar; dei som ser meg på gata, flyr undan for meg.
13Eg er gløymd som ein daud mann, ute or hjarta; eg hev vorte som eit sundbrotnande kjerald.
14For eg høyrer baktale av mange, rædsla rundt ikring, med di dei legg råd saman imot meg; dei lurer på å taka mitt liv.
15Men eg, eg set mi lit til deg Herre; eg segjer: «Du er min Gud.»
16I di hand stend mine tider; berga meg or handi på mine fiendar, og frå deim som forfylgjer meg!.
17Lat di åsyn lysa yver din tenar, frels meg ved di miskunn!
18Herre, lat meg ikkje verta til skammar, for eg ropar til deg; lat dei ugudlege verta til skammar og tagna i helheimen!
19Lat lygn-lippor verta mållause som talar skamdjervt mot den rettferdige, med ovmod og uvyrdnad!
20Kor stor er din godhug, som du hev gøymt åt deim som ottast deg, som du hev vist mot deim som flyr til deg, for augo på menneskjeborni!
21Du løyner deim i løynrom for di åsyn mot samansvorne menner, du gøymer deim i ei bud mot kiv av tungor.
22Lova vere Herren, for han hev gjort si miskunn underfull imot meg i ein fast by!
23Og eg, eg sagde i mi hugsott: «Eg er burtriven frå dine augo!» men endå høyrde du røysti av mine audmjuke bøner, då eg ropa til deg.
24Elska Herren, alle hans trugne! Herren vaktar dei trufaste, men gjev rikeleg attergjeld til den som fer med ovmod. Ver hugheile og lat dykkar hjarta vera sterkt, alle de som ventar på Herren!

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

24 verses in this psalm
31 / 150 psalms

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

Articles mentioning this psalm

More