Skip to content
Church.wiki

Psalms Psalm 33 Studentmållagsbibelen frå 1921

Poetry & wisdom · Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 22 verses

Verse layout
📝 Overview of this psalm Flow, key verses and people

시편 33편은 말씀으로 세상을 지으시고 역사를 다스리시는 여호와를 찬양하라고 부르는 찬양시이다. 군대와 말(馬)이 아니라 여호와의 인자하심을 바라라고 노래한다.

Jump to verse

33Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Fagna dykk høgt i Herren, de rettferdige! For de trurøkne sømer seg lovsong.
2Prisa Herren med strengeleik, lovsyng honom til tistrengja harpa!
3Syng honom ein ny song, rør strengen fagert med fagnadljod.
4For Herrens ord er ærleg meint, og all hans gjerning er trufast.
5Han elskar rettferd og rett; av Herrens nåde er jordi full.
6Himlarne er skapte ved Herrens ord, og all deira her ved hans munns ande. Notes
7Han samlar havsens vatn som ei muga, legg dei djupe vatn i upplagshus.
8All jordi må ottast for Herren, for honom ræddast alle som bur i mannheimen.
9For han tala, og so vart det; han baud, og so stod det der.
10Herren spiller heidningefolks råd, gjer folkeslags tankar til inkjes.
11Herrens råd stend ved lag i all æva, hans hjartans tankar frå ætt til ætt.
12Sælt er det folk som hev Herren til sin Gud, det folk som han valde ut til sin arv.
13Frå himmelen skodar Herren ned, han ser alle menneskjeborni.
14Frå den staden der han bur, ser han ned til alle som bur på jordi,
15han som lagar deira hjarto alle saman, han som merkar alle deira gjerningar.
16Ein konge vert ikkje frelst ved sin store styrke, ei kjempa ikkje berga ved si store kraft.
17Hesten er sviksam hjelp til frelsa, og med sin store styrke bergar han ikkje.
18Sjå, Herrens auga ser til deim som ottast honom, som ventar på hans nåde
19til å fria deira sjæl frå dauden og halda deim i live i hungersnaud.
20Vår sjæl stundar på Herren; han er vår hjelp og vår skjold.
21For i honom gled vårt hjarta seg, for me set vår lit til hans heilage namn.
22Di nåde, Herre, vere yver oss, so som me vonar på deg!

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

22 verses in this psalm
33 / 150 psalms

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

Verse commentaries for this psalm 1

Articles mentioning this psalm

More