Skip to content
Church.wiki

Psalms Psalm 39 Studentmållagsbibelen frå 1921

Poetry & wisdom · Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 13 verses

Verse layout
📝 Overview of this psalm Flow, key verses and people

시편 39편은 다윗의 시로 표제가 붙은 13절의 탄식시이다. 침묵하려다 끝내 입을 연 시인이 인생의 짧음과 덧없음을 고백하고, 소망을 하나님께 두며 회복을 구한다.

Jump to verse

39Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Til songmeisteren, til Jedutun; ein salme av David.
2Eg sagde: «Eg vil vakta mine vegar, so eg ikkje syndar med mi tunga; eg vil leggja taum på min munn, so lenge den ugudlege er meg for augo.»
3Eg tagna og var kurende still; eg tagde utan von um lukka, men mi liding vart rørd upp.
4Mitt hjarta brann i min barm; ved mi grunding kveiktest eld - eg tala med mi tunga.
5Herre, lat meg få vita min ende og målet på mine dagar, kva det er; lat meg vita kor snargjengd eg er!
6Sjå, som ei lovebreidd hev du sett mine dagar, og mi livstid er som ingen ting for deg; berre som den tome fåfengd er kvart menneskje sett her. Sela.
7Berre som ein skugge gjeng mannen ikring, berre til fåfengs ståkar dei; han dungar i hop og veit ikkje kven som skal sanka det inn.
8Og no, kva vonar eg, Herre? Mi von stend til deg.
9Frels meg frå alle mine misgjerningar, set meg ikkje til spott for dåren!
10Eg er tagna og let ikkje upp min munn; for du hev gjort det.
11Tak di plåga burt frå meg! Ved slag av di hand er det ute med meg.
12Tuktar du ein mann med refsing for skuld, so fortærer du hans fagerleik som motten. Berre fåfengd er kvart menneskje. Sela.
13Høyr mi bøn, Herre, og vend øyra til mitt rop; teg ikkje til min gråt! for eg er framand hjå deg, ein gjest som alle mine feder. Sjå burt frå meg, so eg kann kvikna til, fyrr eg fer herifrå og er ikkje meir!

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

13 verses in this psalm
39 / 150 psalms

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

Articles mentioning this psalm

More