Skip to content
Church.wiki

Psalms Psalm 40 Studentmållagsbibelen frå 1921

Poetry & wisdom · Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 17 verses

Verse layout
📝 Overview of this psalm Flow, key verses and people

시편 40편은 다윗의 시로 표제가 붙은 17절의 시다. 수렁에서 건져 주신 하나님께 드리는 감사로 시작해 제사보다 순종을 고백하고, 다시 재앙과 원수 앞에서 도움을 구하는 간구로 끝난다.

Jump to verse

40Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Til songmeisteren, av David; ein salme.
2Eg venta og venta på Herren, so bøygde han seg til meg og høyrde mitt rop.
3Og han drog meg upp or den tynande grav, or søkkjedya, og han sette mine føter uppå berggrunn, han gjorde mine stig støde.
4Og han lagde ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange ser det og ottast og lit på Herren.
5Sæl er den mann som set si lit til Herren og ikkje vender seg til dei ovlåtne og til deim som vik av til lygn.
6Herre, min Gud, du hev gjort dine under og dine råder mangfaldige mot oss; ingen ting er liknande med deg; vil eg forkynna og tala um deim, er dei for mange til å telja.
7Slagtoffer og grjonoffer hev du ikkje hug til - du hev bora øyro på meg - brennoffer og syndoffer krev du ikkje.
8Då sagde eg: «Sjå, eg kjem; i bokrullen er det skrive for meg;
9å gjera din vilje, min Gud, det er mi lyst, og di lov er inst i mitt hjarta.»
10Eg bar det gode bod um rettferd i ei stor samling; sjå, eg let ikkje att mine lippor; Herre, du veit det.
11Eg løynde ikkje di rettferd inne i mitt hjarta, eg tala um din truskap og di frelsa; eg dulde ikkje din nåde og di sanning for ei stor samling.
12Du, Herre, vil ikkje lata att di miskunn for meg; din nåde og di sanning vil alltid vakta meg.
13For trengslor utan tal hev umspent meg, mine misgjerningar hev gripe meg, og eg kan ikkje sjå; dei er fleire enn håri på mitt hovud, og mitt mod hev forlate meg.
14Hugnast, Herre, å berga meg! Herre, kom meg snart til hjelp!
15Lat deim verta til skam og spott alle saman som stend etter mitt liv og vil riva det burt! Lat deim vika attende og skjemnast, som hev hugnad i mi ulukka!
16Lat dei verta forfærde yver si skjemd, dei som segjer til meg: «Ha, ha!»
17Lat deim fegnast og gleda seg i deg alle dei som søkjer deg! Lat deim som elskar di frelsa alltid segja: «Høglova vere Herren!» For eg er arm og fatig; Herren vil tenkja på meg. Du er mi hjelp og min frelsar; min Gud, dryg ikkje!

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

17 verses in this psalm
40 / 150 psalms

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

Articles mentioning this psalm

More